NRK Meny
Normal

- Smak på denne, Harald!

Kongeparet storkosa seg da dei fekk servert ekte rakfisk under sitt besøk i Valdres.

Familien frå Noraker gard stod klar med tradisjonell servering da kongeparet måndag kveld kom til Nord-Aurdal. Valdres er rakfisken sin dal, og kong Harald og dronning Sonja la ikkje skjul på at dei gledde seg til smaksprøva.

– Rakfisk er ofte på vårt bord, og vi gler oss til å smake, sa kongeparet til nrk.no før dei slapp til ved fiskebordet.

– Skikkeleg godt

Og særleg dronning Sonja la ikkje skjul på at ho verkeleg sette pris på dei kulinariske tilboda frå Valdres.

– Harald, smak på denne, utbraut dronninga før ho la til at ho gjerne tok i mot rakfisk-leveranse til bruk på slottet i framtida.

– Det var skikkeleg godt, samtykka kongen, før dei hasta vidare til neste punkt på programmet.

Besøkte omstridd bygg

Under sitt besøk i Nord-Aurdal rakk kongeparet også å besøke det nye velkomstbygget til Valdres Folkemuseum. Bygget fekk tidlegare i vår mykje merksemd da det kom fram at det kan ha vorte brukt tømmer frå regnskogen under bygginga.

Kongeparet skal vere i Valdres i tre heile dagar, og skal i løpet av desse dagane besøke alle dei seks kommunene i dalføret.

Måndag kveld avsluttar kongeparet sitt opphald i Nord-Aurdal med middag på folkemuseet i Valdres.