Ordførar i Østre Toten, Hans Seierstad.
Det er i dag duka for eit noko spesielt økonomisk oppgjer mellom to kommunar.
Østre og Vestre Toten kommuner møtes i skjønnsnemda, for å avgjera om Østre Toten må betale 22 millionar kroner til nabokommunen etter grensejusteringa.
- Tapar pengar
22 millionar kroner er altfor mykje, meiner Østre Toten. Dei har tilbode Vestre Toten 2,5 millionar kroner, samt den game brannstasjonen i Kolbu i erstatning for dei 480 innbyggarane dei har fått frå nabokommunen.
Men ordførar i Vestre Toten, Stein Knudsen meiner dei vil tape pengar på tilbodet:
- Lova seier ein ikkje skal tape pengar i slike saker, men vi vil nå tape overføringar frå staten, seier Knudsen.
Vestre Toten kommune
- Vil bli ferdige med saka
Grenseendringane mellom Totenkommunene vart sett i verk frå 1. januar i år. Det var ein lang kamp om kvar grensa skulle gå, og nå skal skjønnsnemda avgjera erstaningsstrida på vegne av Kommunaldepartmentet.
Stein Knudsen har tru på at Vestre Toten vinn fram med kravet om 22 millionar kroner.
Hans Seierstad i Øste Toten seier partane er einige om å bil ferdig med saka fort.