Ugjerninga skjedde torsdag førre veke, og kvinna døydde onsdag på sjukehus.
Obduksjonen syner at kvinna døydde av stikk- og kuttskadar med kniv, med påfølgjande stort blodtap.
Stikk i nakke og hals
Sonen, som er i 40-åra, skal ha stukke si gamle mor med ein stor tollekniv ei rekkje gonger. Kvinna skal blant annet ha blitt stukke i nakken og halsen.
Sonen melde sjølv frå til politiet om knivstikkinga. Dei to budde i same leilegheit.
Resultatet av den førebelse obduksjonsrapporten betyr at politiet i Sel kommune nå etterforskar ei drapssak.
Sonen er sikta for lekamsskade med døden til følgje. Politiadvokat Elisabeth B. Løvold seier til avisa Gudbrandsdølen Dagningen at politiet ikkje vurderer å utvide siktinga mot sonen nå.
Risikerer drapstiltale
Politiet ventar med å vurdere siktinga på nytt til den endelege obduksjonsrapporten er klar, og saka er ferdig etterforska.
Gjerningsmannen risikerer drapstiltale.
Han er for tida innlagt på psykiatrisk sjukehus. Ei tiltale mot mannen vil avhenge av kva den psykiatriske kommisjonen kjem fram til.
Dersom konklusjonen er at mannen var psykotisk i gjerningsaugneblinken, kan han ikkje straffast på vanleg måte.