Hopp til innhold

Klare for Moskva

At ein finalebillett kostar 5.000 kroner stoppar ikkje norske Grand Prix-entusiastar.

Jade Ewen, Per Michael Andresen og Alexander Rybak

Per Michael Andresen (i midten) saman med den norske finalisten Alexander Rybak og finalisten frå Storbritannia, Jade Ewen.

Foto: Privat

Når Eurovisjonen si velkjente fanfare startar laurdag 16. mai vil det nok gå kaldt nedover ryggen på fleire av oss. Men for Tore Svensrud frå Ringsaker blir det noko heilt spesielt.

Han skal nemleg vere til stades på si fyrste Grand Prix-finale.

- Eg gler meg noko voldsomt. Det blir artig å kome over å sjå korleis det egentleg er.

- Litt tullete

Men det er ikkje noko billig moro Tore Svensrud og omlag 30 andre nordmenn legg ut på.

Finalebilletten kostar 600 euro medan semfinalen kostar 400 euro. Til saman omlag 8.000 kroner.

Tore Svensrud

Tore Svensrud frå Ringsaker har fått russisk visum i passet – Moskva neste!

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

- Det er vel litt tullete. Men det er noko ein gjer ein gong i livet , seier Svensrud.

Vanlegvis brukar han å sjå finalen heime, i selskap med gode vener, god mat og god champagne. For aller fyrste gong er han der det verkeleg skjer.

- Det blir artig å kome over å sjå korleis det egentleg er.

Reunion

Men for andre er dette ein årleg tradisjon. 42 år gamle Per Michael Andresen reiser kvart år for å få med seg den spektakulære musikkonkurransen.

- Det som er så artig er at du treffer att så mange kjente frå andre land som har same interesse. Det er folk frå Tyskland, Frankrike, England og Hellas, og det blir nesten som ein reunion ein gong i året.

Den utflytta brumunddølen innrømmer at det går mykje tid og pengar på å følgje Grand Prix-sirkuset, men meiner det er verd det.

- Somme vil vel seie at det er galskap. Men andre har fotball som interesse, eg er interessert i musikk. Og det gjer jo livet fargerikt at folk har forskjellige interesser, seier Andresen.

Ulike favorittar

Dei to Grand Prix-entusiastane har sjølvsagt for lengst høyrt gjennom dei forskjellige bidraga som skal framførast i Moskva 16.mai. Og dei har allereie peikt ut sine favorittar.

-Sverige, Aserbajdsjan, Hellas, Bulgaria og Romania er bra, seier Tore Svensrud.

- Bosnia har ei bra låt som skil seg ut frå dei andre. Spania og Frankrike kan også nå høgt, seier Per Michael Andresen.

Men dei to er samstemte om kven som er den største favoritten.

- Folk i Moskva pratar allereie om at neste års finale blir i Oslo. Det er lenge sidan vi har høyrt at andre enn vi sjølve har sagt det, seier ein optimistisk Per Michael Andresen.

Flere saker fra Innlandet