Den typiske elgjegeren er ein mann på 46 år. Men det blir fleire og fleire kvinner som går på elgjakt.
Prosentdelen kvinner er framleis låg, men har gått opp frå fem til sju prosent dei siste fem åra. Både unge og eldre kvinner er nå med på jakta.
Men uansett kjønn og alder; jakt engasjerer like sterkt!
Hans Ole Solberg
Høgdepunkt
Fylkessekretær i jeger- og fiskerforbundet i Hedmark, Hans Ole Solberg gler seg stort til elgjakta.
- Det er ikkje høgdepunktet i året, for det er småviltjakta, men det er veldig bra altså, smiler Solberg.
- Nå går det slag i slag heile hausten, legg han til. Elgjakta skal føregå i Trysil, og Solberg har alt klart.
- Det er heile opplevinga som gjer jakt så bra, meiner Solberg. Vi trener mot dette heile året, både fysisk og mentalt, og trener hundane, forklarar han. Ei gradvis oppbygging mot eit høgdepunkt!
- Spennande
- Samspelet mellom hund og eigar er viktig, forklarar Solberg. Han beskriv den rørande opplevinga når samarbeidet fungerer, og lykka når hunden verkeleg vaknar.
- Ja, da piplar tårane lett, smiler Solberg.
Elgjakta skil seg frå småviltjakt fordi ho er mykje meir organisert. Lag av jegerar sit på postar og jagar elgane fram slik at dei kan skytast.
- Spenningsmomentet er stort, seier Solberg.
Magisk
Ein stor del av opplevinga er kaffepausa rundt bålet, og det blir mange gode, romslege, jegerhistorier, humrar han.
- Og det blir gjerne litt godlynt mobbing, ler han.
Det mest magiske øyeblikket fylkessekretæren i jeger- og fiskerforbundet i Hedmark har vore med på som jeger, er på tiurjakt med fuglehunden.
- Da har det vore eit par epiosodar som vi har fått tak i fuglen, der ein verkeg har blitt rørt, seier Solberg.