Hopp til innhold

Klar for ein kveld med smell i

LILLEHAMMER (NRK): Nyttårsaften står for tur, men det er mye du må huske på. Visste du at du ikke har lov til å skyte opp raketter i Gjøvik før etter klokka 20?

fyrverkeri

FYRVERKERISELGJAREN: Bodil Nilsen sel fyrkverkeri for Europris i Lillehammer.

Foto: arne sørenes / nrk

Her sel vi alt som smell og knitrar og fresar både på bakkenivå og i lufta.

Ein entusiastisk fyrverkeriselgjar fortel om hektiske dagar i fyrverkerivogna til Europris utanfor Strandtorget Kjøpesenter i Lillehammer.

Folk var klare og stod i kø før vi fekk fylt opp vogna, så vi er lovleg seint ute, smiler Bodil Nilsen.

Strenge reglar

Reglane for rakettoppskyting varierar frå kommune til kommune, men fleire av tettstadane og byane i Innlandet har innført forbodssonar for oppskyting.

– Nokre kommunar har forbod i sentrum, og på Lillehammer er det ikkje lov å skyte opp rakettar i Storgata og området rundt, seier Mattias Andersson, branninnspektør i Lillehammer brannvesen.

fyrverkeri

FYRVERKERI TIL FOLKET: Ein jevn straum av kundar kjem for å kjøpe fyrverkeri hos Bodil Nilsen.

Foto: arne sørenes / nrk

I Gjøvik sentrum er det også forbode å fyre av rakettar. Etter ei regelendring i 2013 fekk kommunane fullmakt til å fastsetja regionale begrensningar og forbodssoner i bruk av fyrverkeri i område der det kan oppstå fare for liv, helse, miljø eller materielle verdiar.

– På Lillehammer er det lov å skyte opp rakettar frå klokka seks om kvelden, til klokka to om natta, seier Andersson.

På Hamar gjeld dei same tidspunkta, mens ein på Gjøvik ikkje kan begynne oppskytinga før klokka 20 på nyttårskvelden.

Tryggleik er viktig

To dagar har folk på seg til å skaffe det dei måtte ha lyst på av alt frå stjerneskot til ulike typar effektbatteri.

–Det dyraste vi har er eit batteri til 2300,- kroner. Mange vil ha det, fortel Nilsen, som legg til at folk er blide sjølv om pengane sit laust dagen før dagen.

Nilsen understrekar at det er viktig at folk tenkjer tryggleik når dei skal handtere fyrverkeri.

– Vi sender med tryggleiksbriller og rettleiing med alle fyrverkeria vi sel. Det er viktig at folk er påpasselege og forstår kva dei har mellom hendene.

Sjølv gler ho seg som ein liten unge til nyttårskvelden.

– Ja, eg gjer det! Vi brukar som regel å ha ein liten familiepakke sånn ved nitida. Og så avsluttar eg med ein med skikkeleg smell i.

fyrverkeri

LETT Å SJÅ: Dei mange utsala av fyrverkeri er lette å få auga på.

Foto: arne sørenes / nrk

Flere saker fra Innlandet