Trass i at det er overflod av norskprodusert svine- og sauekjøtt, får vi enda eit år med mangel på norsk storfekjøtt.
Forbrukarane reagerer på at vi må importere tonnevis at storfekjøtt fordi norske bønder ikkje produserer nok.
Vil helst ha norsk
I kjøttdisken på Meny i Kongsvinger har ferskvaresjef Steinvor Lystad mange typer norsk storfekjøtt akkurat nå. Den brasilianske indrefileten ligg også og lokkar, til låg pris.
Men kundene sine haldningar til utanlandsk kjøtt varierer.
- Enkelte tykkjer det er heilt greitt, men andre vil berre ha norsk mat, seier Lystad.
(Foto: Gunnar Sandvik)
Fleire NRK Hedmark og Oppland har snakka med undrar seg over at vi i Norge ikkje klarer å produsere nok kjøtt sjølve.
- Det er tragisk at vi må importere kjøtt, når vi har så store mulegheiter sjølve, seier Trond Alm i Gilde HedOpp. Importen av storfekjøtt kallar han ei fallitterklæring.
Færre mjølkekuer
Ein av årsakene til underskotet på norsk kjøtt er at talet på mjølkekuer har blitt sterkt redusert. Alm trur at norske bønder tek mangelen på storfekjøtt alvorleg.
- Det blir bygt mange store enkle fjøs nå, basert på stadig sluttforing av okser og oppdrett av ammeku, fortel han.
Importerer
Prognosene seier at vi i år vil ha eit underskot på nær 9.000 tonn storfekjøtt.
Halvparten av det vil bli importert frå blant anna Finland, Brasil og Argentina.
Spelar det eigentlig noko rolle for forbrukarane om kjøttet er produsert i Norge eller utlandet?
Folk NRK Hedmark og Oppland snakka med vil definitivt ha norsk kjøtt.