Hopp til innhold

Kjøpte seg kyrkje som fritidsbustad

Oddvar og Brit Rakeng kom over ei svensk kyrkje på nettet. No brukar dei kyrkja som fritidsbustad. Og dåpsbassenget er gjort om til vinkjellar.

Kyrkje som fritidsbustad

Bak alteret er dåpsbassenget, det er no gjort om til vinkjellar.

Foto: Privat

– Ein dag ringde kona mi Brit og sa at ho hadde funne ei kyrkje på nettet. Den tar vi sa eg.

Og med dei orda vart dei eigarar av ei svensk kyrkje i den gamle arbeidarbyen Dals Rostock. Kyrkja ligg rett ved jernbana til Göteborg, om lag ti mil frå Halden. Det var pinsemeinigheita Smyrna som tidlegare var eigarar av kyrkjebygget.

Oddvar og Brit Rakeng

Oddvar og Brit Rakeng var lei av utedo og glatte svaberg, så dei selde hytta og kjøpte seg kyrkje i Sverige.

Foto: Privat

– Vi var litt lei av utedo og glatte svaberg på den hytta vi hadde, så den selde vi, seier Rakeng.

Kyrkja har vore flittig brukt av både pinsemeinigheita og andre i nærområdet, og mange har minne frå bygget, men det har ikkje vore noko motstand mot at ho no er brukt som fritidsbustad.

Kirka råtner – nå er julegudstjenesten avlyst

– Nei, det har ikkje det, for det er ikkje så uvanleg i mange bygder i Sverige at det skjer.

Sjølv kjenner Oddvar fleire som har kjøpt kyrkjebygg og som brukar dei til verdslege føremål. Oddvar og Brit har ofte besøk av folk som gjerne vil koma inn og sjå, og som er glade for at dei tek vare på bygget. Mange av dei har også gått der på sundagskule

Oddvar kjøpte seg kyrkje

Hytte med stor takhøgd og kross på veggen.

Foto: Privat

– Vi har halde på alt slik som det var. det einaste er at vi har gjort om eit kjøken til bad, lagt inn varmekablar på badet og fått lagt inn varmt vatten. Vi har eit ganske romsleg kyrkjerom med fem og ein halv meter under taket og preikestol, seier Rakeng.

Oddvar og kona Brit er båe skrivande menneske, og har også samla mykje gjennom eit langt liv, og no har dei meir enn nok plass til både lager og skrivarstove.

– Ansvaret for vedlikehold av kirkebygg ligger hos kommunene

– Vi har eit ganske romsleg kyrkjerom med fem og ein halv meter under taket og preikestol, seier Rakeng.

– Har du kjensle av at du bur i ei gamal kyrkje?

– Ja eg har det, for korset er der og preikestolen. Og pinsevennene dei har jo vaksendåp, så det er eit basseng bak preikestolen. Så det bassenget har eg gjort om til vinkjellar, smiler Oddvar.

Hyttekos i kyrkja

Hyttekos i kyrkja

Foto: Privat

Fleire kyrkjer i Sverige har dei siste åra vorte seld til private, og Oddvar meiner det er greitt om det ikkje er offentlege midlar til å halde dei ved like. Han har sett forfallet ved fleire norske kyrkjer, og er uroa over det store forfallet. Og han meiner at også norske kyrkjebygg også bør seljast om dei ikkje blir halde i hevd.

–Ja, når det har forfallet har kome så langt som i Åsnes kyrkje, så meiner eg det.

Flere saker fra Innlandet