Kommunale heimehjelpstenester tilfredsstiller ikkje alltid brukarane. Når får dei behova dekt av private bedrifter som tilbyr alt frå plenklypp, til pleie og stell av eldre og sjuke.
Toten Hjemmetjenester har funne ei nisje.
Kjem på dagen
Behovet for heimehjelp er så stort at det har blitt god butikk for private bedrifter.
Eldre kjøper stell og pleie av private bedrifter. (Illustrasjonsfoto)
Gjennom avisannonser får eldre og sjuke tilbod om pleie og hjelp på dagen.
Behovet for omsorgstenester i heimen er så stort at det har vorte marknad for private bedrifter som kan hjelpe dei som treng det. Både dei som brukar dei offentlege tenestene og andre.
Stort behov
- Eg fekk ideen i 1996, da eg som heimehjelp i kommunen merka at tilbodet var større enn det offentlege kunne bidra med, seier dagleg leiar Finn Kristiansen i Toten Hjemmetjenester, som er eitt av få private heimehjelpsfirma i Norge.
- Det er alltid nokon som har behov for meir hjelp enn det som det offentlege kan tilby, meiner Kristiansen.
Men han fryktar at det offentlige tilbodet kan bli skore ned, når kommunene ser at dei eldre kan kjøpe dei same tenestene.
Eldre som NRK Hedmark og Oppland har snakka med seier dei treng eit privat tilbod.
Har råd til å betale for stell
- Private heimehjelpsfirma kan skape skilnadar mellom folk som kan betale for tenestene og andre, seier verksemdsleiar for helse- og omsorg i Gjøvik kommune, Sissel Glomseth.
Eldre og sjuke i Gjøvik og Toten får nå tilbod om pleie og stell gjennom den private bedrifta Toten hjemmetjenester.
Men Glomseth er ikkje uroa for at det kjem nye hjelpetilbod, som konkurrerer med dei offentlege tenestene.