Hopp til innhold

– Sprakk som ein dong etter fem mil

Kjetil André Aamodt sette ny personleg rekord i Birkebeinerrittet. Men han var ikkje heilt tilfreds med avslutninga...

Kjetil André Aamodt

Kjetil André Aamodt satsar på å vere nærmare eliteklassa i år enn i fjor.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Eg gjekk maks ut, så sprakk eg som ein dong etter fem mil.

Slik oppsummerer tidlegare toppalpinist Kjetil André Aamodt sin 94,6 kilometer lange tur frå Rena til Lillehammer. Men med 3:29 sette han ny personleg rekord, og var uansett høveleg tilfreds.

– Men ein må jo samanlikne seg med eliten. I fjor var eg ein time bak, eg håpar å vere nærmare i dag.

– Trudde eg skulle bli blind

Det er ein betydeleg reinare og penare Aamodt som møter pressa i år enn etter dei to førre ritta.

– Også i år måtte ein myse litt over glasa, dei blir jo skitne. Men dei to siste åra såg eg ikkje noko før langt utpå kvelden, eg trudde eg skulle bli blind. Men ein finn ut at det er utruleg kor fort auga reparerer seg.

Men i år var auga altså blå i staden for raude ved målgang, for til trass for at vêrvarsla har vore til dels skremmande, kan birkebeinarane berette om fine forhold over fjellet.

– Vi som har sykla dei siste to åra, med nokre få varmegrader over fjellet, vi berre gliste i dag. Det var fantastisk fint, utan nedbør og med ein herleg temperatur, sa tidlegare toppsyklist Ole Kristian Silseth etter målgang.

I alt 18.000 birkebeinarar har meldt seg på det 94,6 kilometer lange rittet i år.

– Løypa skal halde for alle

Og sjølv om det er varsla at det kan bli nedbør utover dagen, så fryktar ikkje rittleiar Sølvi Amundsen Aas at det vil bli gjentaking av dei tidlegare gjørmeritta.

– Vi har sjekka løypa, og det er veldig gode forhold. Eg trur det skal halde også for dei som startar seint i dag, seier ho.

Kjetil André Aamodt var blant dei heldige som fekk starte tidleg, og var i mål ved 11-tida laurdag.

Han er kjend for stadige veddemål med blant anna den tidlegare alpinkompisen Lasse Kjus, som kom i mål ei stund etter sin gamle romkamerat.

– Eg sprakk midt opp på fjellet, men det løsna litt mot slutten att, fortel ein dyktig sliten Kjus til nrk.no. Han kom i mål på litt over 3 timar og 40 minutt.

Lasse Kjus

Lasse Kjus sett ny personleg rekord med god margin. Men det var nok likevel surt å vere drøye ti minutt etter erkerival Kjetil André Aamodt.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Flere saker fra Innlandet