Frå den lukka budsjettprosessen i Gjøvik har det lekt ut at fem skular kan bli nedlagt.
Desse fem er Biristrand, Skansen, Lundstein, Redalen og Snertingdal ungdomsskole.
Går saman
Nestleiar i foreldreutvalet ved Lundstein skole, Bjørn Olav Solum, seier skulane nå går saman i kampen mot forslaget, i stadenfor å slåss mot kvarandre om å få bestå.
- At grendeskulane skal leggast ned vil ikkje vi som bur på bygdene finne oss i, rasar Solum.
Felles strategi
- Vi vil kjempe ein felles kamp for å få halde på skulane og halde liv i bygdene, seier Bjørn Olav Solum.
Måndag kveld møttes representantar frå alle skulane for å legge opp ein felles strategi for å prøve å hindre at nokon av skulane blir lagt ned.