NRK Meny
Normal

– Rune følgde etter oss, me var livredde

Rune Øygard følgde ein kveld etter jenta og kjærasten med bil og ringde henne 17 gonger. Det fortel kjærasten til den fornærma 16-åringen under sitt vitnemål mot Vågå-ordføraren.

Rettstegning fra rettssaken mot Rune Øygard

Overgrepstiltalte Rune Øygard (53) skal ha mislikt sterkt at jenta fekk seg ein kjærast.

Foto: Elin Fagertun / tegner

Kjærasten til den mindreårige jenta som Vågå-ordførar Rune Øygard er tiltalt for å ha forgripe seg mot, er første vitnet i rettssaka tysdag.

Han møtte den fornærma jenta for fyrste gong den 18.juni i fjor på ein fest. Dei to var mykje ilag og blei eit par kort tid etter det første møtet.

Den 18 år gamle kjærasten til den fornærma skal ha vore den første ho fortalde om dei angivelege seksuelle overgrepa til.

– Me var livredde

Kvelden etter at jenta hadde trudd seg til kjærasten sin, var det unge paret på eit hestestevne då Øygard tok kontakt med jenta og bad henne med på ein tur til Vianvang, fortel kjærasten.

– Ho hadde ikkje lyst til å reise til Vianvang, ho ville heller vere hjå meg. Rune gav seg ikkje, han sa ho måtte kome, for ho skulle få sitje ved sidan av Jens Stoltenberg, held han fram.

– Rune følgde etter oss i bil då me drog heim frå stevnet med buss. Han ringde henne 17 gonger, me var livredde, minnast vitnet.

Då ringde han mor si og bad henne koma og henta dei.

Mor til kjærasten vitna som nummer to i Øygard-saka tysdag. Ho stadfestar at ungdomane var vettskremde då ho henta dei den kvelden.

– Dei kom småspringande inn i bilen. Eg spurde kvifor dei var så redde, Då fortalde jenta at tiltalte hadde vore etter henne. Det var orda ho brukte til meg, erindrar vitnet.

– Over 50 overgrep

Mor til kjærasten varsla jenta si mor, som gjekk til politiet med saka i september i fjor.

Då skal dei seksuelle overgrepa ha gått føre seg i to år.

Kjærasten hadde aldri høyrt om Rune Øygard før jenta fortalde han om dei seksuelle overgrepa.

– Nei, eg hadde aldri høyrt om han. Eg er ikkje interessert i politikk. Då eg fann ut at det var ein ordførar på over 50 år fekk eg sjokk og forstod kor alvorleg dette var, seier den unge guten.

Aktor ber kjærasten fortelja i detalj om den dagen den fornærma jenta fortalde han om kva som hadde skjedd mellom henne og Øygard.

– Det var altfor alvorleg til å ta det over telefon. Då skulle me talast dagen etterpå heime hjå meg. Ho visste ikkje kvar ho skulle starta, men ho fortalde det til slutt, seier vitnet.

18-åringen kikkar bort på aktor medan han svarar, og sender tidvis smilande blikk bort til jenta.

– Ho sa at dei hadde hatt samleie fleire gonger, over 50 gonger og at det hadde skjedd på hyttene til ordføraren og heime hjå Øygard.

Øygard torsdag

Rune Øygard (53) er ordførar i Vågå kommune og er tiltalt for seksuelle overgrep mot ei mindreårig jente i peroden 2009-2011

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Fekk spørsmål om jentas vitnemål

Kvelden før avsløringa er også tema i retten under kjærasten sitt vitnemål.

Den kvelden skal Rune Øygard ha plukka opp jenta etter eit besøk frå kjærasten. På det tidspunktet visste 18-åringen ingenting om Øygard.

På denne bilturen skal ordføraren ha vore sint på jenta.

– Han hadde tårer i augo og blei sint på meg. Han sa me skulle reisa heim med ein gong, og at han ikkje ville sjå meg meir. Han likte ikkje at eg hadde kontakt med kjærasten. Då blei eg sint, og gjekk frå han. Eg var så sint at eg gret, forklara jenta i retten førre veke.

Kjærasten hugsar godt denne episoden.

– Me prata saman på telefonen etterpå. Eg høyrde at ho græt, fortel den unge mannen i vitneboksen.

Kona til tiltalte: – Riktig å dela rom med jenta

I går var det faren til den fornærma jenta og kona til tiltalte som forklarte seg for retten.

Kona, Reidun Øvre Øygard, fortalde at ho meinte det var riktig av ektemannen å dela rom med den unge jenta då dei to reiste på turar saman. Ho tek derimot avstand frå «grisepratinga» deira på chatteprogrammet Skype.

Faren til jenta skildra dagen då dottera hans fortalde at Rune Øygard hadde forgripe seg på ho. Faren sa han ikkje hadde jenta lov til å reisa på overnattingsturar med den 53 år gamle ordføraren dersom han visste at dei to delte rom.