Hopp til innhold

– KIL skal attende til Tippeligaen

Den nygamle Kongsvingertrenaren har store planar for Kongsvinger Toppfotball.

Per Brogeland

Per Brogeland vil ta Kongsvinger attende til Eliteserien.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

I går vart det klart at Per Brogeland tek over som Kongsvingertrenar for tredje gong. Klubben rykka ned frå Eliteserien i haust, og trenar Tony Gustavsson gav seg.

Men sjølv om Brogeland akkurat er attkomen til Kongsvinger, har han klare planar for laget.

– Kongsvinger er ein toppklubb som høyrer heime på toppnivå. Vi ynskjer å kome oss attende til Eliteserien. Om det ikkje blir allereie neste år så ved eit seinare høve.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Opp- og nedturar

Brogeland kom fyrst til klubben i 1992, og tok laget til seriesylv og cupsemifinale i sin fyrste sesong. Han kom attende til klubben i 1998, men måtte gå etter at klubben rykka ned i 1999.

– Kongsvinger har vore ein viktig klubb for meg. Det har vore både opp- og nedturar, men eg har så mange gode vener og såpass godt forhold til KIL at det blir moro å kome attende.

Flere saker fra Innlandet