Hopp til innhold

Kasta ut av landet

Biri-kvinna Elisabeth Skundberg Darren er fortvila over at politiet utan varsel henta mannen hennar tysdag kveld, og har nå sendt han ut av landet.

 

Elisabeth Skundberg Darren og Louis Darren med datteren Selma
Foto: Privat

Louis Darren, som opphavleg er frå Nigeria, har budd i Noreg sida 2001, her er han gift og har ei dotter som vart fødd i september i fjor.

Advokat Arild Humlen meiner det er uakseptabelt at Darren vart henta utan varsel. Han seier årsaka til at Darren blir sendt ut, er at han manglar arbeidsløyve. Humlen vil be UNE gripe inn og stoppe utsendinga.

Fire år i rettssystemet

Louis Darren søkte asyl i Noreg i 2001. Han fekk avslag på søknaden i 2003. I mellomtida hadde han gifta seg med Elisabeth Skundberg frå Biri. Utreisefristen fekk dei vita om først etter at den hadde gått ut.

Darren saksøkte den norske staten, og vann i tingretten. Men Utlendingsnemnda anka saka til lagmannsretten. Der tapte Darren. Han anka vidare til Høgsterett, som valde å ikkje ta opp saka. Derfor anka Darren så til menneskerettsdomstolen i Strasbourg, der saka førebels har kome gjennom ein seksjon, og der nå ligg til vidare behandling. Heilt plutseleg og altså utan forvarsel kom politiet tysdag kveld og henta Louis Darren mens saka er under behandling i Strasbourg.

Uforståeleg

Kona Elisabeth Skundberg Darren synest det er uforståeleg at mannen hennar blir sendt ut av landet. 

- Det eineste klanderverdige han skal ha gjort i Noreg, er å arbeide ulovleg i fire månader, seier ho.

 Skundberg Darren synes det er påfallande at mannen hennar blir utvist medan saka hans blir behandla i Strasbourg.

Uakseptabelt

Advokat Arild Humlen meiner det er påfallande at Utlendingsnemnda (UNE) vil leggje saka til side, i påvente av utfallet i Strasbourg. Samtidig som dei hentar han for å få han kasta ut av landet.

- Saka er eit groteskt døme på den linje som styresmaktene har lagt seg på i samband med brot på utlendingslova, som er både uakseptabel og inhuman, seier Humlen.

Humlen seier saka er spesiell, fordi det her er snakk om eit ubetydeleg brot på utlendingslova. Darren har arbeidd ope i den tru at han hadde rett til det. Da han vart gjort kjent med at det var ulovleg, slutta han å arbeide, fortel advokaten.

Han vil nå sende brev til UNE og be dei gripe inn og stoppe utsendinga.

 

 

Flere saker fra Innlandet