NRK Meny
Normal

Kan ta frå kommunen ansvar for barnevern

Kommunaldepartementet vil endre kommunalloven og pålegge nabokommunane ansvar for til dømes barnevern dersom ein kommune ikkje klarer oppgåvene sjølv.

Helge André Njåastad (Frp) utenfor Stortinget

VIL ENDRE KOMMUNELOVEN: Helge André Njåstad foreslår å pålegge nabokommunar ansvar dersom ein kommune ikkje klarer å utføre sine egne oppgåver.

Foto: Andrea Øien Sæverud / NPK

– Eg meiner kommunar som ikkje klarer å levere tenestene som innbyggjarane har behov for, må kunne miste ansvaret for desse oppgåvene, seier leiar av kommunalkomiteen, Helge André Njåstad (Frp).

Han meiner innbyggarane sin rett til gode tenester og hjelp når det trengst må gå føre prinsippet om at alle kommunane skal levere oppgåvene sjølv.

– Barnevernssaka i Land i Oppland er eit godt døme på at staten bør gripe inn, seier han.

Fylkesmannen har funne brot i ni av ti saker i kommunane si handheving av barnevernstenestene.

Ny heimel i kommuneloven

Ifølge Njåstad jobbar no kommunaldepartementet med å greie ut ein heimel i kommuneloven. Heimelen skal gi høve til å pålegge at nabokommunen må levere tenester dersom ei kommune ikkje klarer å følge opp sine eigne tenester.

– Vi må vere sikre på at innbyggarane får gode tenester, uavhengig av kvar i landet ein bur og om ein bur i ein liten eller stor kommune, seier Njåstad.

Heimelen skal vere aktuell for å få større fagmiljø i tilfelle der kommunane på grunn av avstandar ikkje kan slå seg saman.

– Men også i tilfelle som i Land kan det vere aktuelt at staten må ta i bruk ein slik heimel, seier han.

Mange ungar i kontakt med barnevern

I Land er allereie tenestene i Nordre og Søndre Land slått saman. Ordførar i Nordre Land, Ola Tore Dokken seier det finst pluss med å ha eit større miljø, men samstundes blir avstandane mellom saksbehandlar og familiane større.

Ola Tore Dokken

PROBLEMET LIGG DJUPARE: Ola Tore Dokken trur ikkje flytting av tenesta er ei løysing på problemet i Land.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Om kommunen ikkje hadde hatt ansvaret for tenesta sjølv hadde nokon andre stått med utfordringa ifølge Dokken. Han meiner ein må sjå djupare på problemet i Land.

– Det er viktig å sjå på at her er om lag 7 prosent av ungane i vår kommune er i kontakt med barnevernet og det er omtrent dobbelt så mykje som landssnittet. Det har vore utfordrande for barnevernet og kvifor det er slik er noko vi må sjå nærmare på, seier Ola Tore Dokken.

– Må få den hjelpa dei har behov for

Statssekretær i Barne- og likestillingsdepartementet Kai-Morten Terning (Frp) er einig med Njåstad om at ein må sikre innbyggarane gode tenester. Han seier Land-saka viser kor viktig det er med tilsyn som fangar opp svikt.

– Barn og unge må få den hjelpa dei har behov for og det er kommunane sitt ansvar å ha eit godt barnevern. Det handlar om rettssikkerheita til barna og familiane deira, seier han.

Kai-Morten Terning

EINIG MED NJÅSTAD: Kai-Morten Terning seier det er viktig at ein får hjelp uansett om ein bur i ei lita eller stor kommune.

Foto: Fouad Acharki / NRK