Hopp til innhold

Kamp om Boasson Hagen

Proffsyklist Thor Hushovd ønskjer seg Edvald Boasson Hagen på laget. Også fleire andre profflag prøver å sikre seg talentet frå Gausdal.

Edvald Boasson Hagen
Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Det franske laget Credit Agricol, som Hushovd køyrer for, har altså kasta seg inn i kampen om 17-åringen.

Boasson Hagen køyrde i helga inn til ein etappesiger og 3. plass samanlagt i firedagarsrittet Thüringen rundt i Tyskland.

Sjølv synest han det er artig at interessa er så stor.

Mange tilbod

Mange har lagt merke til unggutten. I tillegg til Credit Agricol har Boasson Hagen fått tilbod om kontrakt frå belgiske Quickstep og tyske Rabaobank. Men førebels er det uvisst kvar syklisten hamnar. I dag køyrer han for Maxbo Bianchi, og det har han tenkt å halde fram med framover.

- Eg har kontrakt med dei og trivst godt i klubben. Og eg har førebels ingen planar om å flytta utanlands, seier han.

Men sportsdirektør i Team Maxbo Bianchi, Gino Van Oudenhove, fryktar at han kjem til å misse supertalentet. Trenaren, Fredrik Mohn, kallar Boasson Hagen verdas mest ettertrakta 18-åring på to hjul.

VM er målet

Boasson Hagen er glad for at det har gått så bra, men han er også overraska.

- Eg hadde ikkje venta å gjera det så godt så tidleg i sesongen, seier han.

Det neste nå er rittet på Ringerike. Hovudmålet i år er likevel VM, der han håper på bra resultat.

Flere saker fra Innlandet