- Mange skuldar på at det er lite å gjera her, men det stemmer ikkje, seier Hege, Ida og Stian.
Dei er ungdommar, busett på Hadeland.
Kva som er årsaka til det stadige bråket i helgene, er vanskeleg å svare på, men det er lett å koma inn i dårlege miljø og det er mykje narkotika her, meiner dei tre ungdommane på Brandbu videregående skole.
Kvar helg er det fest, fyll og slåssing på Hadeland.
- Slåss for å få respekt
- Det er bra at politiet tek alt bråket som er her i helgene på alvor, meiner Hege, Ida og Stian.
Politifyrstebetjent Ole Bjerke på Gran lensmannskontor meiner dei som hamnar i bråk er dei som gjer det dårleg på skulen, og som ikkje har klart å skaffe seg ein jobb.
- Dei vil skaffe seg respekt frå andre gutar ved å slåss, seier Bjerke.
- Det er nokre som ser opp til desse verstingane, og det ser vi alvorleg på. Bjerke utfordrar foreldra som må engasjere seg å følgje opp ungane.
- Ungdommane treng ein arena der dei kan lykkast, meiner politiet.
- Foreldra må på banen
- Hent ungane når dei er på fest eller er hjå venner, det er godt forebyggande arbeid, seier Bjerke.
- Problema er rusrelaterte, seier politibetjent Morten Lafton som har kartlagt rusmiljøet i Lunner. Mange av dei kriminelle forholda er gjort av folk som er rusa på narkotika, seier Lafton.
Dei omfattande problema med Hadelandsungdom som hamnar i bråk har også engasjert politikarane.
Anne Tingelstad Wøien, fylkespolitikar i Oppland, frå Senterpartiet, har invitert elevane på dei vidaregåande skulane på Hadeland til eit møte.
Anne Tingelstad Wøien (Sp).
Må satse på ungdommen
- Eg ønskjer å høyre kva ungdommane har å seie, fortel Tingelstad Wøien. Ho håpar elevane vil koma med forslag til korleis ein kan få slutt på bråket på Hadeland.
- Det manglar eit ope, uorganisert tilbod, trur Tingelstad Wøien.
- Det er lag og foreiningar, men det trengs kanskje fleire ungdomsklubbar der ein berre kan stikke innom når ein har lyst til det, meiner ho.
Men Sp-politikaren er klar over at dette kostar pengar.
- Det er ei utfordring, men dette er noko ein må satse på, meiner Anne Tingelstad Wøien.