Den planlagte paintballbana ved Hunderfossen kan bli stoppa ved neste årsskifte dersom ho fungerer dårleg.
Det seier Oddvar Johansen, som er fagleg ansvarleg for byggesaker i Lillehammer kommune.
Naboane til bana har klaga, og meiner paintballanlegget vil skape både støy og skremme vekk elg og rådyr i området.
Dei har engasjert advokat i kampen mot bana.
Planane om paintball i Lillehammer kan bli stoppa.
61 grader Nord
Men Oddvar Johansen i Lillehammer kommune seier området der bana skal ligge ikkje er rekna som eit viltområde.
Kommunen har gitt selskapet "61 grader Nord" løyve til å lage ei bane der ein kan skyte med pistolar som inneheld malingskuler like ved Hunderfossen Familiepark.
Ein av naboane, Ola Magne Husmoen, seier at all aktiviteten rundt paintballanlegget vil skremme vekk både elg og rådyr, og at naboane vil gjera alt dei kan for å stoppe planane.