NRK Meny
Normal

Kongsvinger, Raufoss og HamKam vidare i cupen

Det vart inga lokale cupbomber i andre runde i cupen. Men HamKam, Kongsvinger og Raufoss tok seg greitt vidare på vegen mot Ullevål.

Cupkamp på Briskeby

HamKam fekk mykje å juble for i cupkampen mot Valdres.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Andre runde i cupen vart spelt onsdag kveld, og i alt sju lokale lag var i aksjon. Fleire av dei fekk tøff motstand frå eliteserielag.

Nybergsund er attende i 2. divisjon etter eit lengre opphald i divisjonen over. Men mot Hønefoss ville dei vise at dei framleis er gode nok til å kjempe mot dei beste. Ved pause heldt dei overraskingslaget frå eliteserien, Hønefoss, til 1–1 etter mål av Jonas Enkerud.

I andre omgang viste Hønefoss kva som er grunnen til at dei rykka opp og Nybergsund ned i fjor, og kontrollerte inn ein grei 4-1-seier i Trysil.

Både andredivisjonslaget Gjøvik og tredjedivisjonslaget Ottestad møtte tøff eliteseriemotstand, og klarte ikkje å smelle noko cupbombe. Men dei kom frå det med æra i behald, Ottestad tapte 2–0 mot Lillestrøm, medan Gjøvik FF tapte 2–0 heime mot Strømsgodset.

Cupkamp på Gjøvik

Gjøvik kunne ynskje serieleiaren i eliteserien, Strømsgodset velkomen til Gjøvik stadion.

Foto: Harald Christian Eiken / NRK

HamKam avgjorde i andreomgang

På Briskeby var gjestane Valdres frekke og freidige nok til å ta leiinga allereie etter tre minutt ved Thomas Morgan. Men andredivisjonslaget var ikkje lenge i paradis, berre sju minutt seinare utlikna Thomas Lehne Olsen for HamKam.

Dette resultatet stod seg til pause, men det vart raskt fleire mål i ein fartsfylt men publikumsfattig kamp på Briskeby. Fyrst sette Ørjan Berg Hansen inn 2-1, før Vegar Bjerke like etterpå sende hamarsingane opp til 3–1 på straffe.

Som om ikkje det var nok avgjorde Emil Dahle og Christer Jensen med mål mot slutten, og det ende til slutt 5–1 til HamKam.

Supporterflagg, Valdres

Liten grunn til å vaie med flagga for Valdres-fansen i andre omgang.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Kongsvinger har hatt ein bra start i 1. divisjon under den karismatiske Tom Nordlie, og tok seg også greitt vidare i cupen. Borte mot Lørenskog vann dei 2–1, etter to mål av Samir Fazlagic.

Raufoss tok seg også vidare til tredje runde i cupen etter at Oliver Berg og Petter Senstad skåra måla i 2-0-kampen mot Strømmen.

Cupkamp på Raufoss

Raufoss er vanskelege å slå inne i sin eigen storhall. Nå er dei i tredje runde i cupen etter at dei slo førstedivisjonslaget Strømmen 2–0.

Foto: Halvor Mykleby / NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Motorhavari skaper problemer

    Det er store trafikkale problemer på rv 3 ved Myklegard i Løten i retning Elverum etter at et vogntog har fått motorhavari. Politiet dirigerer trafikken på stedet.

  • 7 år for seksuelle overgrep

    En 38-åring fra Vestoppland er dømt til fengsel i 7 år for seksuelle overgrep mot filippinske jenter over internett. Han ble avslørt av FBI. Han betalte for å se overgrep live på nett. Det dreier seg om overgrep mot åtte jenter i alderen 7 til 8 år.

  • Ny regiondirektør i NHO

    Administrerende direktør i GD, Jon Kristiansen, blir ny regiondirektør i NHO Innlandet etter Åge Skinstad. Kristiansen orienterte de ansatte i avisa om sin beslutning i morges. Kristiansen begynner i jobben mot våren.

    Jon Kristiansen blir ny regiondiretør i NHO Innlandet
    Foto: GD-foto