Hopp til innhold

Skuldige eller ikkje skuldige?

Det er nå opp til juryen om dei fem tiltalte i Søndre Land-saka skal dømmast for drap eller ikkje.

Vollheim gård i Søndre Land

Juryen jobbar nå med å avgjere den omfattande dobbeltdrapssaka i Søndre Land.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Etter ein åtte veker lang rettssak skal skuldspørsmålet avgjerast i Eidsivating lagmannsrett.

I januar 2008 vart Ragnar B. Abrahamsen funnen skoten på låven, og knappe tre veker seinare vart det funnen ein ny død person på garden Vollheim. Denne personen låg i brønnen, og viste seg å vere Jan Petter Aarstad, som hadde vore sakna sidan 2006.

Dei fem tiltalte (sjå faktaboks) er tiltalt for å ha utført eller medvirka til eit eller begge drapa.

I tingretten vart alle fem dømt til strenge fengsels- eller forvaringsstraffar.

Planlagt eller ikkje?

Når det gjeld drapet på Jan Petter Aarstad har Knut Arne Thorstensen innrømt at han sette ei sprøyte med heroin, som kan ha vore dødeleg. Om Aarstad døde av overdose, eller om han fyrst mista livet da han vart kasta i brønnen på garden er foreløpig usikkert.

Ronny Kjeldsen og Berit Thorstensen er tiltalt for medvirkning til dette drapet. Politiet meiner nemleg at dei var med og planla det heile, samt at dei kan ha vore med på å kaste Abrahamsen i brønnen. Begge nektar for at dei har noko med drapet å gjere.

Ole Kristian Bjørnsen har tilstått at det var han som skaut Ragnar B. Abrahamsen på låven i romjula 2007. Han har i retten halde fast på at det heile var ei impulshandling, og at det ikkje på nokon måte var planlagt.

Dette har ikkje politiet og aktoratet trudd på. Dei meiner det låg ei uttalt eller underforstått avtale om at Abrahamsen skulle takast av dage. Derfor er også Berit Thorstensen, Knut Keiko Rønningen Kaasastul og Knut Arne Thorstensen tiltalt for medvirkning til dette drapet. Ingen av dei har innrømt straffskuld for dette.

24 ja eller nei

I si rettsbelæring gjekk fyrstelagmann Odd Jarl Pedersen torsdag gjennom bevisa i saka, og rettleia juryen i kva dei bør leggje vekt på. Han la ikkje skjul på at det er ei innvikla og vanskeleg sak for juryen å avgjere.

Etter rettsbelæringa trekte juryen seg attende for å svare ja eller nei på i alt 24 skuldspørsmål.

Avgjerda kjem fyrst i morgon.

Rettssak Søndre Land

Store politistyrker har passa på dei tiltalte under den åtte veker lange rettssaka.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Flere saker fra Innlandet