- Eg vart rett og slett forbanna, seier Gudbrand Jemblie.
Den uheldige juletreselgaren i Stange i Hedmark oppdaga fyrst at det var tatt eit parti med 25 nedpakka juletre.
- Seinare er det blitt borte både eitt, to og 3-4 tre om nettene, seier Gudbrand Jemblie.
Vidaresal
Han reknar med at i alle fall det fyrste partiet vart tatt for vidaresal.
- Tykkjer folk det er triveleg å sitja på julekvelden og sjå på eit juletre som er stole, undrar Jemblie.
Til saman er nærare 40 juletre blitt borte. Nå vil selgaren setja inn tiltak som gjer at det ikkje blir så lett å få tak i tre heretter.
- Frekt
- Kanskje leiger eg grinder og gjerder eg kan ha rundt juletrea, seier Gudbrand Jemblie.
Juletretjuvane nøgde seg ikkje med å stela tre, dei tok også med seg øks, hammer og ljos.
- Det var nesten det frekkaste av alt, tykkjer Gudbrand Jemblie.