Hopp til innhold

Julekuler rett frå skrivaren

No kan du snart skrive ut dine eigne julekuler, i allefall om du har ein 3D skrivar. Designduoen Anderssen og Voll har brukt ny teknologi for å lage årets julepynt på Maihaugen.

Torbjørn Anderssen pyntar juletret på Maihaugen med 3D printa julekuler

JULEKULE: Julepynten i på det tradisjonsrike juletreet på Maihaugen er 3D printa julekuler laga av gips. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK

Juletreet i foajeen på Lillehammer Museum, Maihaugen, har blitt ein tradisjon. For niande året på rad har museet invitert norske designarar til å lage ny pynt til treet. I år er det designduoen Anderssen og Voll som tar opp tråden etter folk som Arne og Carlos, Pia Myrvold og Per Spook.

– Ei stor ære

Torbjørn Anderssen, opprinneleg frå Biristrand, synest det er stor stas å få pynte juletreet. Han har samarbeidd med Espen Voll sidan dei etablerte det suksessrike designfellesskapet Norway Says i 1999.

– Det er ei stor ære for oss å få lov til å vere med å skape og pynte noko som er viktig her på Lillehammer. Det synest vi er artig.

3D printa julekuler

DESIGNAREN: Torbjørn Anderssen pyntar juletreet på Maihaugen med 3D-printa julekuler av gips.

Foto: arne sørenes / nrk

3D-printa julekuler

Julekulene er designa i eit dataprogram, lagra som ei datafil, og skrivne ut på ein såkalla 3D-skrivar. Materialet er gips og bindemiddel.

Anderssen er begeistra for mogleghetane den nye 3D-teknologien opnar for:

– Ein kan printe i mange ulike materiale, alt i frå sjokoladepulver om ein er konditor, til bildelar i titan. Så mogleghetane er veldig store til å skape nye ting på ein enklare måte.

No trur designaren at 3D skriving blir vanlegare og mindre kostbart, og at folk truleg kjem til å skrive ut sin eigen julepynt om ikkje mange år:

– Det blir spennande å sjå kva slags veg denne teknologien tar, og kor allment det faktisk blir. Men hadde du snakka med såkalla «vanlege folk» på 1850-talet om t.d vannklosett, så tenkjer eg at folk hadde fått hakeslepp og rista på hovudet. Det kan vere slik med 3D-skriving også: Det høyrest litt ut som science-fiction. Men kanskje er det heilt vanleg om ti til femten år.

Flere saker fra Innlandet