Hopp til innhold

Jordrottene invaderer

Jordrotter, eller vånd, er i ferd med å undergrave næringsgrunnlaget for bønder i Nord-Gudbrandsdalen.

Jordrotte
Foto: Gustav Redalen

Den vesle gnagaren legg mål etter mål brakk for bøndene øvst i Gudbrandsdalen, som er makteslause vitne til jordrottene sine herjingar.

Torbjørn Elvestad, som sjølv er bonde og medlem av Lesja- og Dovre forsøksring, seier det er eit stort og alvorleg problem.

Øydelegg marka

Vånden finst over store delar av landet, og på Dovre har skadedyret verkeleg vore flittig dette året. Den grev opp jorda, og kan gjere bondens slåttearbeid så og si umogleg.

En jordrottes inngangsdør

Inngangsdøra til ei jordrotte

Foto: Gustav Reldalen

- Det har den konsekvensen at vi har attliggjande ein god del rundballar som er heilt ubrukeleg til dyrefór. Det er såvidt vi prøver å gje det til dyr som går ute, men det er nesten dyreplageri å gje dei slikt. Det er rett og slett berre jord, seier Elvestad.

Det er særleg Dovre som er plaga av våndens herjingar, men ferske rapportar vitnar om våndplage også i Lesja og Grimsdalen. Den sprer seg også frå lågareliggjande daler, og opp mot fjellet. Vånden er ein smitteberar, og Tine meierier er bekymra for smitte til mjølk frå kyr som beitar der vånden har vore.

- Det har vore ekspertar her og sett på skadene, og dei trur det er omlag 50 vånd på målet her. Nå har vi eit prosjekt på gang, der vi skal prøve å bli kvitt vånden på 1000 mål, seier Elvestad.

Han fortel at det finst ei spesiell tablett som skal kunne fjerne vånden. Men det er kostbart. Svært kostbart.

- Berre å rydde desse 1000 måla vil koste omlag 1 million kroner, så vi er avhengige av å få støtte frå fleire stader for å bli kvitt dei.

Inga kompensasjonsordning

Men overingeniør Ola Rosing Eide hjå Fylkesmannen i Oppland har lite trøst å gje til vånd-herja norddalsbønder.

- Det finst inga kompensasjonsordning på dette feltet, seier han.

Han fortel at det er mogleg å få erstatning for avlingssvikt, men at denne berre er knytta til klimarelaterte skader.

- Så skader som skuldast insekt og andre skadedyr er ikkje omfatta av denne ordninga, så vi har ikkje høve til å gje erstatning etter slike angrep.

Flere saker fra Innlandet