Det har vore ein lang veg fram til målet for Christian Johnsen. Etter at han i fotballsesongen i år har spelt god fotball for Raufoss, er det mange som har vore på utkikk etter han.
Til Sverige
Fleire klubbar har vore i kontakt med Johnsen, og han har vore fleire stader for å finne ut meir om kvar han skal spele neste fotballsesong.
Mellom anna har Rosenborg Ballklubb, Fredrikstad Fotballklubb og Molde vore i kontakt med Johnsen dei siste vekene. I tillegg har fleire svenske klubbar vore i drøftingar med han, og han kom altså i mål med Ørebro. Tidlegare i veka sa Johnsen nei til tilbodet frå Molde.
Johnsen har underteikna ei treårs-kontrakt med Ørebro. Han kan med det frå neste sesong spela i Sverige sin fremste fotballdivisjon, Allsvenskan.
Tap for Raufoss
Christian Johnsen vil bli sakna på Raufoss, der han har vore blant dei beste fotballspelarane dei siste åra.
Diskusjonsinnlegga på nettsidene til supporterklubben vitnar og om den store tilhengerskara han har. Der er det mange som har sagt han vil bli sakna, og oppmoda han om å halde fram som fotballspelar på Raufoss.
Leiinga i klubben har i kveld takka han for innsatsen på sine nettsider, og ønskt han lukke til vidare.
Glede i Ørebro
Og i Sverige er dei særs nøgde med semja mellom Johnsen og fotballklubben.
"ÖSK fick på söndagen en tidig julklapp i form av en förstärkning på anfallssidan. Norske anfallaren Christian Johnsen tackade på söndagen ja till ett treårskontrakt med Örebro Sportklubb.", står det å lese på nettsidene til Ørebro.
Leiar i klubben, Ove Lindqvist, seier dei er svært godt nøgde med avtala.