Hopp til innhold

Siste take-off for gammal krigar

ÅSHØGDA (NRK): I 14 år har det stått i standby utanfor ein bilverkstad. Nå skal jagarflyet CF-104 Starfighter takast attende til gammal prakt.

I 14 år har et 40 år gammelt jagerfly stått til pynt utenfor Marindal verksted i Brumunddal. Men i dag letta det fra bakken igjen. Da var det for aller siste gang.

Vi er utanfor Mariendal bilverkstad på Åshøgda i Ringsaker. Under 20 centimeter med snø står eit militærgrønt jagarfly som eit noko underleg landemerke.

– Det var far min som vart ved flyet for 14 år sidan. Han dreiv og tok flysertifikat, og ein kamerat ringde og lurte på om hadde fly, fortel eigar Morten Grorud.

Fly hadde den vertande piloten ikkje, og nærmast som ein spøk kom flyet til Ringsaker. Særleg eigna til å patruljere Mjøsområdet er det ikkje, og i 14 år har det stått i ro.

– Betre enn nytt

I staden skal den gamle krigar nå bli eit blikkfang blant gode vener ved Noregs hovudflyplass. Eigarfamilien har gjeve bort flyet til Forsvarets flysamling på Gardermoen.

– Det ser litt shabby ut, men dette skal bli fint. Det skal bli enda betre enn da det var nytt, seier verkstadsleiar på flysamlinga, Jan Ernestus.

Denne fredagsmorgonen blir flyet plassert på ein lastebil og får for siste gong litt luft under vingane. I 80 kilometer i timen blir det køyrd på E6 til Gardermoen.

– Vi er ein gjeng som elskar gamle fly. Vi går og steller med dei kvar einaste veke, så her skal det bli godt teke vare på, lovar Ernestus.

Flere saker fra Innlandet