Hopp til innhold

Iskaldt julebad i Øyer

ØYER (NRK): Dei fleste tar seg eit bad før jul. Men for dei færraste er julebadet like friskt som for sju spreke damer i Øyer.

Isbading i Øyer på julaften 2015

JULEBAD: Sjå korleis damene tar julebadet i Øyer. VIDEO: Knut Røsrud/NRK

Det er fordi det er julekvelden i dag, og vi må jo bade til jul!

Kari Arnøygard har invitert venninnegjengen til julebad i ein kulp i Mosåa like nedanfor skitrekket i Hafjell. Det er snø på bakken, tre minusgrader i den rå skoddelufta og rim på grantrea.

Men det hindrar ikkje åtte sprudlande damer i sin beste alder frå Øyer og Lillehammer. På eit persisk teppe lagt på ei snødekt bru skiftar dei raskt til badedrakt. Det er slik dei held seg raske og friske, seier dei.

Torsdag er fast badedag, så då måtte vi jo gjere det i dag også.

Britt Hovengen Ringen fortel om venninnegjengen på femten som møtes til morgonbad kvar torsdag klokka sju året i gjennom. Vanlegvis badar dei ved Kanalen i Lillehammer, men ville at julebadet skulle vere noko anna.

Glade badedamer

GLADE BADEDAMER: Damene i Øyer badar kvar torsdag uansett vær og temperatur.

Foto: knut røsrud / nrk

Det står i statuttene våre, det. Fell julekvelden på ein torsdag så skal vi bade hos ho Kari i Øyer.

I fem år har dei halde det gåande. I starten hadde dei ei grense på 15 minusgrader, men fann ut at det var for pinglete. No badar dei uansett vær og temperatur.

I dag tippar dei at vatnet held ein temperatur på 1 - 3 grader.

Det er ikkje varmt i vatnet, seier ei. Det er iskaldt!

Alle sju kjem seg uti. Dei tar fleire symjetak, før dei raskt kjem seg på land igjen.

Og etterpå?

No kjem det eg har gleda meg til, seier Britt Hovengen Ringen. Den varmen som sprer seg i kroppen no... Endorfinene berre sprutar!

Spreke badedamer i Øyer

SPREKE DAMER: Kari Arnøygard og resten av venninnegjengen i Øyer påstår at isbading held dei friske året rundt.

Foto: Knut Røsrud / nrk

Våre julefavoritter

Flere saker fra Innlandet