Hopp til innhold

Inspirerer til magedans

Dei lettkledde damene i «Salomes Døtrer» på Hamar har inspirert mange til å ville starte med magedans. I går var de med i TV2-programmet «Norske Talenter».

Salomes døtre fra Hamar består av 20 damer mellom 70-92 år.

KLARE: Damene har komme seg heilt til semifinalen i Norske Talenter og er klare for å vise noko på TV som ingen før har sett maken til.

Foto: Privat

– Folk spør, er eg gamal nok til å få bli med no?, ler Turid Skuseth (85) som er leiar av magedansgruppa på Hamar.

Dei glade dansarane har etter kvart blitt kjent over heile landet gjennom sine framsyningar på TV og har fått mykje mediedekning. Dei har sørga for ein enorm pågang på magedanskurset i Hamar.

Turid Skuseth i Salomes døtre viser danseantrekk i garderoben

Turid Skuseth viser nokre av antrekka, Salomes døtrer har brukt til no i Norske Talenter. Kva dei skal ha på seg i semifinalen og mogleg finale røper ho ikkje enda.

Foto: Stein S. Eide / NRK

De gikk ikke videre til finalen etter seminfinalen i går, men det var ikke det viktigste for de modne danserne.

Stor etterspurnad

«Salomes døtrer» består av 20 godt vaksne damer, og dei som spør om å få bli med i gruppa blir dessverre avvist fordi det ikkje er plass til fleire.

Karina Pavlova, danseinstruktør, Hamar

Danseinstruktør Karina Pavlova i Hamar merkar etterspurnaden frå kvinner som vil gå på magedanskurs etter all merksemda, som damene i Salomes døtrer har fått.

Foto: Privat

Men på grunn av den store interessa, vil instruktør, Karina Pavlova starte opp nye kurs for at enda fleire danseglade damer skal få vere med å svinge seg.

– Det er pensjonistar og yrkesaktive kvinner på 60+, som vil ha ein morosam og sosial aktivitet i fritida. Magedans er bra for helsa, seier Pavlova som håpar å kunne leve av å instruere dans.

Ho er imponert over damene og kva dei har fått til på eit år. Og dei har ingen planer om å gi seg enda.

– Vi må halde på med dette her. Det held liv i oss kan du skjønne, seier Turid Skuseth.

Ønske om å lære seg magedans har tatt av etter at Salomes døtre går gått til semifinalen i Norske Talenter på TV2.

MERKSEMD: Damene har fått mykje merksemd etter dei blei med i TV-programmet Norske Talenter. Her øver dei for å gjere seg klare til Norske Talenter.

Satsar på finale

Døtrene av den forførande dansarinna Salome har greidd å kare seg heilt til semifinalen i TV2-programmet Norske talent som gikk fredag kveld. Dei var klare, og er ikkje redde for å by på det dei har.

– No gir vi blaffen og viser det vi har. Det vi skal danse no trur eg ikkje nokon har gjort før, i alle fall ikkje i den alderen, saTurid Skuseth før semifinalen.

Flere saker fra Innlandet