Nå er det bioenergi, bioteknologi og jobbar innan kultur- og opplevingsnæringar som gjeld. Innan 2010 håpar fylkesmann Sigbjørn Johnsen at Hedmark og Oppland har fått fleire hundre nye arbeidsplassar.
Skryteliste
Ein rapport som Sigbjørn Johnsen leverte til Lars Sponheim i Trysil tysdag har fått namnet "Fyrtårn i Innlandet". Og den er rett og slett ei skikkeleg skryteliste.
Sigbjørn Johnsen. (Foto: Torvild Sveen/NRK)
- Vi har nokre av dei finaste industribedriftene i landet, særleg på Raufoss, sa Sponheim. Vi har noko av den beste næringsmiddelindustrien i landet, dei rikaste skogressursane, dei flottaste idrettsanlegga og blant dei beste datafirma. Dessuten eksporterer Innlandet gener frå både okse og råne verda rundt, fastslo Sigbjørn Johnsen.
Sponheim lovar pengar
Prosjektet har tittelen "Innlandet 2010" og skal prøve å bygge ei felles stoltheit over det bedrifter og gründarar har fått til. Med pengehjelp frå regjeringa skal det skapast nye bedrifter og arbeidsplassar.
Landbruksminister Lars Sponheim sa at han er svært glad for at søkeljoset nå blir sett på mulegheitene i det litt bortgløymte Innlandet etter årevis med kystsatsing.
Lars Sponheim (Foto: NRK)
Sponheim lover statlege pengar til "Innlandet 2010", men vil ikkje seie kor mykje. Han hadde med seg 2,5 millionar kroner til eit bioenergiprosjekt i Trysil og satsing på nasjonalparkturisme, men det er småpengar mot millionsummane som trengs.