Hopp til innhold

Innbrott i NRK-kontor

NRKs lokalkontor på Gjøvik vart utsett for innbrott natt til måndag. Tjuvane fekk med seg ein PC.

 

Dei lite kjærkomne gjestane hadde kome seg inn i lokalet ved å bryte opp døra. Datamaskina som vart stole vart brukt til å lage radio.

I tillegg til ein PC fekk tjuvane med seg noko mindre kontorutstyr.

Politiet granskar no saka.

 

 

Flere saker fra Innlandet