- Eg vart imponert over både skodespelaprestasjonar og ramma rundt. Dette er noko av det finaste eg har sett, seier Villiam Nygaard.
Som administrerande direktør ønskjer Nygaard at forlaget Aschehoug, som gir ut bøkene til Sigrid Undset, også skal marknadsføre teateroppsetninga på Nord-Sel.
Støttar Lillehammer-festival
Aschehoug støttar frå før Norsk Litteraturfestival; Sigrid Undset-dagene i Lillehammer, men Nygaard seier det er sjeldan dei går inn i slike prosjekt.
William Nygaard vil marknadsføre teateroppsetninga om Kristin Lavransdotter på Nord-Sel.
- Eg kan ikkje love økonomisk støtte, men eg trur det at vi er inne kan bidra til å få enda meir publikum til Kristindagane i Gudbransdalen, seier Nygaard.
I år såg nær 3.000 personar Kransen på Jørundgard middelaldersenter.
Betyr svært mykje
Produsent for spelet på Jørundgard, Øystein Ulen, er svært glad og tilfreds med at forlaget Aschehoug vil marknadsføre spelet.
Administrerande direktør i forlaget William Nygaard såg spelet førre veke, og tok kontakt med Ulen.
Ulen meiner det betyr svært mykje for Kristindagane at dei får Aschehoug og Nygaard med på laget.
- Det stiller også krav til oss sjølve at forlaget vil satse på oss, seier Ulen.
70 statistar
Oppsetninga av Kristin Lavransdotter gjekk av stabelen frå 30. juni til 4. juli i år.
I tillegg til profesjonelle hovudrolleinnehavarar, medverkar omlag 70 lokale statistar i teateret.
Kristin vart i år spelt av Ingrid Bolsø Berdal. Ho er opprinneleg trønder, men har lært seg gudbransdaldialekt og framstod som ei skikkeleg Kristin frå Sel. Erlend blir spelt av sjølvaste Paul-Ottar Haga. Hildegunn Eggen overbeviser i rolla som fru Åshild, for å nemne nokre.
Instruktør er Arnulf Haga.
Sjå bildegalleri frå Kransen her!
Lyd og video
- Forlagstopp William Nygaard vart så imponert over spelet om Kristin Lavransdotter på Jørundgard at Aschehoug nå vil marknadsføre teateroppsetninga. Reporter Tone Merete Tho.
- Produsent av spelet, og eigar av Jørundgard middelaldersenter, Øystein Ulen, er svært glad for å få Aschehoug med på laget. Intervjuar Marianne Olsen.