NRK Meny
Normal

Illeluktande 17. mai

Nasjonaldagen i Olstad i Vestre Gausdal blir prega av møkkalukt. Tysdag rann tonnevis med husdyrgjødsel nedover lia frå bruket Megarden.

Naturgjødsel rann nedover jordet
Foto: Olav Iverslien

Årsaka er at porten til møkkakjellaren gav etter for trykket. Dermed fann innhaldet vegen nedover lauvskogen og jorda nedanfor garden.

Megarden er heimgarden til Gausdalsordførar Olav Olstad, men bruket er nå forpakta bort.

Gjødselelva stoppa ferda berre få meter frå kappellet i Aulstad, fsom ligg på andre sida av riksvegen, skriv avisa Gausdølen.

Det er ingen hus rett nedanfor garden, men forureininga er omfattande, fordi det dreier seg om store mengder gjødsel. Det vart sett i gang arbeid med å prøve å jamne utover noko av gjødsla, og på den dyrka marka er det mogleg å pløgje den ned.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang