Etter mange oppslag om den dårlege økonomien i politiet den siste tida var forventningane store til forslaget til statsbudsjett.
Regjeringa viste vilje til satsing, og gjorde politiet til ein av budsjettvinnarane.
Lite pengar
Men ute i distrikta blir det ikkje mykje ekstra pengar til politiet neste år.
- Vi går eit steg i rett retning, men politiet treng meir pengar enn dette, seier tillitsvalgt for politiet i Hedmark, Jørn Flatha.
Knut Storberget (Ap)
Stengte dører
Folk har møtt stengte dører på politistasjonar, og lensmannskontor har vore ubemanna. Politiet har rett og slett ikkje hatt midlar nok til å vera tilgjengelege for folk som blir ramma av kvardagskriminalitet.
I Hedmark har politifolk sjukemeldt seg som ei følgje av den vanskelege økonomiske situasjonen.
- Vi håpar på eit betring, men det blir det ikkje med dette budsjettforslaget, konstaterer Flatha, som er skuffa.
100 millionar
Regjeringa vil styrke politiet med 250 millionar kroner. Av desse er 200 millionar kroner tiltenkt politidistrikta.
Men Arbeiderpartiet sin justispolitiske talsmann, Knut Storberget, seier det heller ikkje blir ei så stor auke.
- Mykje av pengane vil gå med til å dekke sentrale tiltak i til dømes Oslo, auka lønns- og kostnadsvekst, samt ekstraløyvingar i år. Derfor blir det berre rundt 100 millionar kroner i friske midlar, forklarar Storberget.
Fleire politistudentar
Summen på statsbudsjettet vil dekke alle dei 368 ledige politistillingane rundt om i landet. Men det er ikkje det einaste det trengs penger til.
- For å både få folk i alle stillingar og få bytta ut utrangert utstyr, treng vi meir pengar, seier Flatha.
- Politiet er slett ikkje ein budsjettvinnar, seier Ap-politikar Storberget. Nå ser det magert ut, legg han til.
Men regjeringa vil satse på å utdanne fleire politifolk.