Leiar i Oppland Idrettskrets, Svein Furuseth, retter i eit brev svært sterk kritikk mot idrettspresident Karl-Arne Johannessen, og resten av idrettsstyret.
Furuset skriv, saman med to andre idrettskretsleiarar, at han tek sterk avstand frå hersketeknikkar og hastverksarbeid i samband med omorganiseringa i idrettsforbundet.
Urettferdig
Svein Furuseth, Jostein O. Mo (Møre og Romsdal) og Sven Even Maamoen (Akershus) reagerer på at det er idrettsforbundet sjølve som har skapt økonomisk krise, mens det er i idrettskretsane det blir kutta mest.
Dei tre reagerer på at det er idrettsforbundet sjølve som har skapt den økonomiske krisa, mens det er idrettskretsane som får mindre å rutte med, skriv Dagsavisen.
"Norske idrettskvaliteter står med dette i fare for å havarere under dekke av innsparing, økonomisk oppryddingorganisasjonsendringer og tunge, samfunssmessige trender", heiter det i brevet.
Ingen kommentar
Økonomien i Norsk Idrettsforbund og Olympiske komité har gått frå vondt til verre. Underskotet har auka til 65 millionar kroner.
Kretsleiarane meiner idrettsforbundet sjølve må ta ansvaret etter det økonomiske havariet i 2003 og 2004.
Organisasjonen slit framleis med etterdønningar etter gamle synder, skriv Karl-Arne Johannessen i ein leiarartikkel på Norsk Idrettsforbund si heimeside.
Dagsavisen har fleire gonger prøvd å koma i kontakt med Johannessen for å få ein kommentar til den sterke kritikken frå lokallagsleiarane. Presidenten svarar i ein e-post at avisa er mikrofonstativ for einsidige meiningar og at han derfor ikkje ønskjer å kommentere saka.