Hopp til innhold

- Peer Gynt betyr nesten alt for meg

Svein Sturla Hungnes blir kunstnerisk leiar i Peer Gynt.

Svein Sturla Hungnes som Peer Gynt

Svein Sturla Hungnes spelte Peer Gynt frå 1995 til 2007. Nå kjem han attende som kunstnerisk leiar.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Det er ein rutinert tråvar som nå er tilsett som kunstnerisk leiar i Peer Gynt AS .

Han har spelt i ei rekkje norske filmar, har fram til i år vore teatersjef for Oslo nye teater, og hadde hovudrolla som Peer Gynt frå 1995 til 2007.

– Ikkje unaturleg at blir meg

Derfor er han ikkje spesielt overraska over at han nå har fått jobben.

– Når dei har bestemt seg for å ha ein kunstnerisk leiar så er det kanskje ikkje så unaturleg at det blir meg.

Han seier at han allereie har klare planar for kva han vil gjere med det tradisjonsrike arrangementet.

– Hovudmålet mitt er å styrke kombinasjonen av natur og kultur.

Les meir om Svein Sturla Hungnes

Var fyrstevalet

Administrerande direktør i Peer Gynt, Eli Blakstad, seier at dei hadde mange gode kandidatar til stillinga som kunstnerisk leiar. Men dei hadde eit klart fyrsteval: Svein Sturla Hungnes.

– Han kjenner satsinga godt og er trygg på naturen som arena for kunstnerisk utvikling. Samtidig er han modig, og kjenner lokalmiljøet godt. Han var vårt fyrsteval, seier Eli Blakstad.

Og at Svein Sturla Hungnes har eit sterkt forhold til Ibsens legendariske sjarmør herskar det liten tvil om.

– Peer Gynt betyr nesten alt for meg. Det er ein skikkelse som har følgd meg gjennom nesten heile mitt vaksne liv.

Flere saker fra Innlandet