Hopp til innhold

Humlebuzzen lærer elever om insekt

Kvar tredje munnfull mat vi et og drikk, er resultat av samarbeid mellom insekt og blome.

Humlebuzz

ELEVANE ved Gaupen skole trur dei kjem til å sjå med andre auge på humla etter besøket av Humlebuzzen.

Foto: Stein S. Eide / NRK

Det blir stadig færre insekter, og vi tenkjer ikkje på det i kvardagen at vi må ha insekter for å laga mat, seier biolog Tor Bollingmo.

Han køyrer rundt til landets grunnskular i ein humlelakkert buss med tre humlefamiliar i.

I dag er det sjuandeklasse ved Gaupen skule i Ringsaker som skal lære om insekt, humle og pollinering, noko dei ikkje veit så mykje om på førehand.

Gaupen skole

SJUANDEKLASSE ved Gaupen skule.

Foto: Stein S. Eide / nrk

– Eg drap ei humle no rett før bussen kom, og det angrar eg eigentleg litt på no, når eg skjønnar kor viktige dei er, seier ein av dei lærevillige sjuandeklassingane.

Trur på dei unge

Målet med bussen er å fortelja elevane at talet på humlar, bier og sommarfuglar og andre pollinerende innsekter, har gått sterkt attende dei siste tiåra. Og det er dumt, for vi er faktik avhengige av insektene for å få mat.

Humla skal få folk i jobb

– Utan humler blir det rett og slett problem med å laga bær og frukt, seier Bollingmo.

Faktum er at 80 prosent av matplantene må ha hjelp av innsekter for å kunne få frukt og bær.

Humlebussen

UNDERVISER elevar i humlelakkert buss med tre humlefamiliar i.

Foto: Stein S. Eide / NRK

– Humlebuss skriv eg med to zz-ar, buzz, altså humleprat og humleundervising, seier biologen.

Forsøksprosjektet med humlebuzz er dratt i gang av NTNU, Vitenskapsmuseet og Skolelabratoriet i samarbeid med humleskolen og Universitetet i Oslo. Føremålet er å lære opp neste generasjon til å bli flinkare til å ta vare på humlene.

–Vi har nok gjeve opp foreldregenerasjonen, og no satsar vi på at barna og ungdommen skal forstå meir enn foreldra, humrar Bollingmo.

Humle

LANGTUNGA humler har gått attende dei siste tiåra. Det er om lag 35 humleartar i Noreg, seier forskar Lars Tørres Havstad.

Foto: Stein S. Eide / NRK

Naturfaglærarar Anita Helseth er glad for bussbesøket, og meiner elevane vil sjå med andre auge på humla i sommar.

–No vil dei nok studere kva humletype dei ser, i staden for å bli redde. Vi må slutte å sjå på humla som eit skadedyr som stikk og gjer vondt, seier Helseth.

Biolog Tor Bollingmo har no eit håp om at elevane skal bli kolokare enn foreldra.

–Eg håpar dei reiser heim og snakkar med sine foreldre om korleis ein betre kan legge til rette i hagen og i nærområda for at humla skal trivast, avsluttar Bollingmo.