Hopp til innhold

Homeparty-dronning er konkurs

To av tre selskap som homeparty-dronninga Gudeig Dalbakk eig er slått konkurs.

Dei to selskapa skal ha mellom 20 og 25 millionar kroner i gjeld.

- Dette er inga ønskeposisjon. Men ein kan ikkje berre gjere det som er moro her i livet, seier Dalbakk.

Ho seier dei har tent mykje pengar, men at dei og har brukt mykje pengar.

Sidan starten i 1994 har Dalbakk omsett homeparty-varer for 160 millionar kroner gjennom Good Shape Trading. Men i fjor gjekk det galt.

Frå homeparties til apotek

- I fjor la vi om organiseringa vår. Vi hadde 850 seljarar, men ville selje via apotek i staden. Vi kom inn i ein av fire apotek-kjeder. Difor gjekk det ikkje så fort som vi ynskja. Samstundes investerte vi i fabrikken på Frya. Det vart gjort på eit feil tidspunkt, seier Dalbakk.

Ho seier ho vil arbeide vidare for å få med seg banken.

- Eg veit at produkta våre er så gode at det er grunnlag for vidare drift, seier Dalbakk, som i hovudsak sel produkt som inneheld Aloe Vera.

Flere saker fra Innlandet