(Foto: Drago Prvulovic/Scanpix)
Malmø FF klatra heilt til topps i Allsvenskan da dei vann 1-0 mot Elfsborg i helga.
Jon Inge Høiland frå Lillehammer scora det avgjerande målet framfor 27.000 tilskodarar.
Ni minuttar ut i andre omgang fekk Malmø FF straffespark. Keeper redda, men Høiland var framme på returen og scora det viktigaste målet sitt nokon sinne.
Målet vart det einaste i kampen, og tilskodarane kunne juble for den fyrste svenske seriemeisterskapen til Malmø på 16 år.