HMS-senteret på Starum har dei siste åra hatt meir enn 50.000 kursdeltakarar frå verksemder over heile landet. Dei vil ha meir kunnskap om helse, miljø og sikkerhetsarbeid. Men no er marknaden for kjøp av slike tenester heilt daudt.
Raude tal
Styreleiar Egil A. Lund seier dei vurderer ulike alternativ.
Eit av dei er å avvikle heile verksemda på Starum.
- Styret vurderer situasjonen som relativt alvorleg. Både i høve til økonomi og marknadsutviklinga. For det fyrste tener ikkje senteret pengar og går med underskot. Det andre er at konkurransen i marknaden er så stor at vi har problemar med å ta ut slike prisar som gjer at drifta kan gå i pluss, seier Lund.
Halve aksjekapitalen er tapt
Over halvparten av aksjekapitalen på 6,5 millionar kroner i selskapet er tapt. Det er ikkje ein situasjon styret kan leve med.
Så lengje meir enn halvparten av aksjekapitalen er tapt, må styret gjere noko slik aksjelova krev.
- Det eine er å spørre eigarane om dei vil gå inn med meir pengar. Det andre er at vi i styret må spørje oss om det er andre moglegheiter for vidare drift. Dette innebèr at vi på styremøtet i neste veke har ein alvorleg agenda framfor oss, seier Lund.
Store fagfelt
I hovudsak er det ti områder som HMS-senteret har kompetanse om. Det er sju tilsette ved senteret
Dette er beredskap og kriseleiing, praktiske HMS-tiltak, veiledning, verdiskaping, samhandling og trening, sikkerheit, sikring av personell, skadeforebyggjande arbeid, øvingsanlegg og brannsikring.