Hopp til innhold

Hindrar ikkje rovdyråtak

Vaktarhundar er ikkje særleg nyttige i kampen mot rovdyrskadar. Men dei er flinke til å oppdaga kadaver.

Sauekadaver
Foto: Tor Einar Bones

Det seier Kjell Smestad, som er engasjert av Rovviltnemnda i Oppland for å vurdere om bruk av vaktarhundar kan forebyggje skadar på rovdyr.

Han konkluderer med at slike hundar kan vera svært nyttige til å oppspore døde husdyr i etterkant. men at dei ikkje i særleg grad vil motverke at åtaket skjer.

Treårig prosjekt

Kjell Smestad er vant til å bruke hundar. I fleire tiår har han vore sentral i trekkhund-miljøet i Gausdal. Rovvilttnemnda i Oppland har engasjert han i Prosjekt Vokterhund, som er eit treårig prosjekt. Målsettinga er å vurdere korleis hundar kan brukast til å verne husdyr mot rovdyr.

- Vaktarhundar kan kanskje få jerven til å halde seg unna husdyra på beite, men bjørnen har vi ingen påverknad på, seier Smestad. - I beste fall kan bjørnen bli jaga over elva, men da beiter han heller på sauene til naboen.

- Så hundane kan verka skremmande på jerv, men ikkje på bjørn?

- Dei kan nok skremme bjørnen også, men han har fastlagte ruter som han følgjer. Han kan jagast nokre hundre meter, men så kjem han tilbake, seier Smestad.

Oppdagar kadaver

Men om vaktarhundar ikkje kan forebyggje rovdyråtak, har dei likevel ein eineståande evne til å oppdaga kadaver. Det fører i neste omgang til at ein finn fleire gonger så mange døde husdyr enn ein elles ville ha gjort.

- Det er viktig å finne kadaver raskt, meiner Smestad. - På varme sommardagar blir sanninga om eit kadaver oppete på fire døgn.

Da har åtselsfuglar fjerna dei spora som fortel om dyret er drepe eller om det har dødd av jurbetennelse eller mjølkefeber eller slike ting. Dessutan er det viktig å finne kadavera raskt, da slepp saueeigaren å leite etter dyra sine.

Raske fellingsløyve

Rådet frå Kjell Smestad når det gjeld bruk av hundar mot rovdyr, er at folk må bli lærte opp til å bruke hundar til å finne kadaver. På den måten kan ein få eit raskt og sikkert bilde av skadeomfanget, noko som vidare kan utløyse raske fellingsløyve, i dei tilfelle der det er aktuelt.

Flere saker fra Innlandet