NRK Meny
Normal

Her kan du pante juletreet ditt

FAGERNES (NRK): På Fagernes kjøpesenter i Valdres kan ein tene 50 kroner på å levere inn det gamle juletreet sitt. Treet blir til varme for Fagernes sentrum.

Heidi Arnesen

BLIR ENERGI: Juletrea som kjem inn blir etter kvart til varme for Fagernes sentrum.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Vi tenkte at når jula var ferdig, så kunne folk få levere det gamle treet sitt her i staden for at det skulle ligge ute og rotne, seier senterleiar Heidi Arnesen på Fagernes Kjøpesenter i Valdres.

Det er andre året folk kan få pante juletreet sitt på senteret i Valdres. Dei som leverer inn treet sitt får eit gåvekort på 50 kroner. Trea blir køyrt til Valdres bioenergi som lagar dei om til varme for sentrum. Om lag 12 juletre har blitt levert på senteret på éi helg, og senterleiaren håpar det kjem fleire.

– Eit av sentera våre i Bergen har fått om lag 100 tre, så det må vel vere målet vårt også, seier Arnesen.

Ein god ressurs

Leiar for Oppland Natur og ungdom, Ida Martine Handegaard Bryde

GOD IDÉ: Leiar for Natur og Ungdom synest fleire burde starte med panteordningar på juletre.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Leiar for Natur og ungdom i Oppland, Ida Martine Handegaard Bryde trur ikkje det er farleg å legge ut eit vanleg norsk tre i skogen, men om ein har kjøpt eit utanlandsk tre kan det innehalde ting som insekt og artar som ikkje høyrer heime i norsk natur. Ho meiner dette tiltaket er ein veldig god idé, og at det er bra ein kan ta i bruk ressursane det kan vere i eit gamalt juletre.

– Dei har panteordningar mange stader, men då må ein gjerne betale for å levere treet. Eg hadde i alle fall nytta denne ordninga når eg kan få 50 kroner for det, seier Handegaard Bryde.

Kundane blir overraska

Monica Bergeid Underdal

NØGDE: Monica Bergeid Underdal seier spesielt ungane synest det er moro med gåvekort i premie for innlevert tre.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

På ein butikk på senteret kan ein hente ut gåvekortet sitt, og butikktilsett Monica Bergeid Underdal fortel at folk er veldig nøgde med ordninga.

– Dei blir overraska over at dei kan få 50 kroner for ein liten kvist med eller utan barnåler, men synest det er veldig stas, seier Bergeid Underdal.

Folk NRK trefte på kjøpesenteret er positive til ordninga.

– Mange sleng juletreet utanfor stovevindauget, og det er ikkje bra. Det er fint at det er ein plass ein kan levere det, seier Unn Lesjø.

Mannen hennar, Geir Lesjø, fortel at dei sjølv brukar plasttre, men om dei hadde brukt naturtre hadde dei nytta tilbodet.

– Legg du treet ut i skogen blir det jo borte, men over mykje lengre tid, seier Geir Lesjø.

Unn og Geir Lesjø

PLASTTRE: Ekteparet Lesjø brukar sjølv plasttre, men synest panteordninga er kjempebra.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Vurderer å auke gevinsten

Senterleiaren trur gåvekortet er god motivasjon for at folk tek seg bryet med å levere det gamle treet. Om ikkje 50 kroner er premie god nok, er senterleiaren villig til å spe på nokre kroner til.

– Kanskje vi må auke til 100 kroner neste år? Det syns eg det er verdt, seier Heidi Arnesen.

Gamle juletre

BIOENERGI: Dei gamle trea blir levert inn til Valdres Bioenergi og kjem att som varme.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Brann i vogntog

    Det brenner i et vogntog på E6 ca. fem kilometer nord for Dombås. Nødetatene er på vei til stedet.

  • Ulykke E6 Sjoa

    Nødetatene er på vei til en ulykke på E6 ved Sjoa. Ifølge politiet har det vært en påkjørsel bakfra. Ulykkesomfang uklart.

  • En sjåfør ble fotgjenger

    UP stanset en bilist i 117 kilometer i timen i 80-sone på riksveg 3 ved Ådalsbruk litt over klokka 11.00 i formiddag. Vedkommende ble fratatt førerkortet og blir anmeldt.