Hopp til innhold

Her går dei på ski til jobb

LILLEHAMMER (NRK): Vinterlandskapet har lagt seg mange stader i landet. På Lillehammer blir folk oppfordra til å ta seg til jobben på ski i dei snødekte gatene.

Ski til jobben på Lillehammer

SKI TIL JOBBEN: Fleire tok oppfordringa om å ta på seg ski og gå til jobb fredag morgon.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Asgeir Linberg i Lillehammer gågata storgata ski

INITIATIVTAKAR: Asgeir Linberg tok initiativ til å bruke Lillehammer sentrum til skigåing. Han vil at byen skal vere skibyen i Noreg.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Det er den fantastiske vinteren og de forholda som er i og rundt sentrum no som gjorde det mogleg, seier Asgeir Linberg.

Han tok nemleg initiativ på Facebook til at folk på Lillehammer skulle gå på ski til jobben. Og fleire fant fram skia fredag morgon.

– Eg trur ikkje det er mange som har moglegheita til ha på seg skia heime og gå på ski heilt til jobben. Det er ein fin måte å starte dagen på, seier Morten Thorsrud.

Oppfordrer folk til å bruke ski til jobben

Vil vere skibyen

Ove Gjesdal på ski i Lillehammer

FANTASTISKE FORHOLD: Dagleg leiar i Visit Lillehammer skryter av initiativet og synest det er fantastiske forhold i byen om dagen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Fleire alpinanlegg og skisenter har opplevd ei stor auke den siste perioden, og den stort sett snøsikre Lillehammer-regionen er blant dei som opplever aukande pågang.

– Det var eit fantastisk godt initiativ om å gå på ski på jobben i dag. Vi har snø i heile byen og fantastiske forhold, så vi vil at Lillehammer skal vere skibyen, seier Ove Gjesdal, dagleg leiar i Visit Lillehammer.

Initiativtakaren meiner det er lite igjen før byen verkeleg kan kalle seg sjølv for skibyen.

– Det er ikkje heilt lagt til rette for å gå på ski i sentrum. Det er så lite som skal til før Lillehammer er helt komplett som skiby, seier Linberg.

Øyerfjellet ski, landskap, vinter, snø, skigåer

STORE NATUROPPLEVINGAR: Store snømengder, kulde og sol kan gi gode skiforhold for mange. Her frå Øyerfjellet tidlegare denne veka.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK Luftfoto

Snø, kulde og kanskje ekstremvêr

Til helga kan det bli fint skivêr mange stadar. Det har allereie kome mykje snø blant anna på Austlandet, og no kjem det kalde og fine vêret.

– Da får vi den første høgtrykkssituasjonen på lang tid, på same tid som vi får kalde luftmassar ned frå nord. Det betyr kaldt og fint ver, med temperaturar mellom minus ti og minus tjue gradar, seier statsmeteorolog Ida Fossli ved Meteorologisk institutt.

I Møre og Romsdal og Trøndelag er det fare for orkan og vindkast på opp mot 40 meter i sekund i helga.

Nord-Norge blir liggande nord for høgtrykket, og ser ut til å få nordvestleg vind og snøbyer.

Snømengde Lillehammer fredag januar 2018 snø

SNØ: Det er mykje snø fleire stadar i Noreg no. Av Meteorologisk institutt sine målestasjonar var det Mannen i Rauma kor det var mest med 274 cm. Utanfor NRK sitt kontor på Lillehammer var det nesten 60 cm.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Sjekk kor det er mest snø

Fylke

Målestasjon og kommune

Antall centimeter snø

Østfold

Hobøl

5 cm

Akershus

Hakadal, Nittedal

42 cm

Oslo

Tryvannshøgda, Oslo

42 cm

Hedmark

Rena Øvingsfelt, Åmot

100 cm

Oppland

Bjorli, Lesja

104 cm

Buskerud

Kongsberg

86 cm

Vestfold

Stokke, Sandefjord

28 cm

Telemark

Haukeliseter, Vinje

105 cm

Aust-Agder

Gjerstad

47 cm

Vest-Agder

Ljosland, Åseral

22 cm

Rogaland

Suldalsvatnet, Suldal

8 cm

Hordaland

Folgafonna, Jondal

171 cm

Sogn og Fjordane

Selseng, Sogndal

130 cm

Møre og Romsdal

Mannen, Rauma

274 cm

Nordland

Ånstadblåheia, Sortland

110 cm

Troms

Sjufjellet, Balsfjord

92 cm

Finnmark

Nuvsvåg, Loppa

77 cm

Sør-Trøndelag

Ångardvatnet, Oppdal

98 cm

Nord-Trøndelag

Vera, Verdal

85 cm

Ekspander/minimer faktaboks

Flere saker fra Innlandet