Hopp til innhold

Her finn du snøen i påska

Ein kan vente seg både sol, regn og vind i påskeferien. Men om det er skiturane du søker for å få den skikkelege påskekjensla er det ingen grunn til å fortvile.

Skitur på fjellet

PÅSKEFJELLET: Slik såg påska ut i ved Skarvatnet på Oppdal i fjor. Kanskje opplever ein dette også i år.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Pakk påskesekken med både solbriller, solkrem, vindtett og vasstett, seier meteorolog Eldbjørg Moxnes.

Skal du opp i høgda i ferien, kan du trygt pakke med deg skiskoa også.

Sein påske

Meterolog Eldbjørg Moxnes

OPTIMISTISK: Meteorolog Eldbjørg Moxnes seier det er store moglegheiter for å finne skiføre, sjølv om det er vårleg mange stader i landet no.

Foto: PRIVAT

Den seine påska i år gjer at ein merkar meir til snøsmeltinga enn om påska hadde komme tidlegare, meiner meteorologen.

Og våren er kommen for å bli mange stader. I Sør-Noreg er det mindre snø enn normalt, men i Nord-Noreg er det faktisk omvendt.

– Dei varme dagane vi har hatt mange stader gjer at det går nedover med snømengda. Det held fram med varmegrader på dagtid, men skiføret forsvinn ikkje. Ein har sjansen til å gå på ski også i påskeferien, seier Moxnes.

Slik er skiføret

Skiføre, kartoversikt

SKIFØRET: Her ser du ei oversikt over korleis skiføret ser it rundt om i landet. Det er mykje fuktig snø.

Foto: Skjermdump / senorge.no

Det vil ikkje komme meir snø i dei lågareliggande strøka. Utover i påskeveka vil det komme litt nedbør som regn somme stader, sjølv om temperaturane skal gå litt ned.

Skal ein ta skia fatt kan det vere lurt å utstyre seg med klister.

– Den nye trenden er jo felleski som funkar bra. Elles er det standard påskemiks som gjeld med klister og kanskje litt tørrvoks, seier meteorologen.

Ein kan følge med på oppdaterte kart over snømengd, skiføre og nysnø på senorge.no utover i påskeveka.

Snøen minkar gradvis

yr.no kan ein sjå oversikt over snømengdene i centimeter fleire stader i ditt fylke. Det blir teke målingar ved dei mange målestasjonane og tala blir oppdatert fortløpande.

Oversikt over snødjupn fylke for fylke

Fylke:

3.4.2017

5.4.2017

7.4.2017

Troms, Balsfjord

289 cm

136 cm

133 cm

Møre og Romsdal, Rauma

287 cm

285 cm

326 cm

Hordaland, Jondal

204 cm

203 cm

211 cm

Nordland, Narvik

151 cm

144 cm

147 cm

Finnmark, Nordkapp

149 cm

150 cm

-

Telemark, Haukeliseter

131 cm

128 cm

123 cm

Oppland, Skjåk

102 cm

110 cm

111 cm

Hedmark, Åmot

96 cm

90 cm

94 cm

Sør-Trøndelag, Røros

93 cm

88 cm

92 cm

Nord-Trøndelag, Lierne

85 cm

80 cm

80 cm

Vest-Agder, Sirdal

70 cm

65 cm

60 cm

Vestfold, Sande

47 cm

37 cm

35 cm

Sogn og Fjordane, Lærdal

47 cm

70 cm

60 cm

Buskerud, Hol

46 cm

46 cm

45 cm

Oslo, Bjørnholt

23 cm

17 cm

11 cm

Svalbard, Hornsund

22 cm

21 cm

21 cm

Akershus, Hakadal

3 cm

3 cm

3 cm

Østfold

0 cm

0 cm

0 cm

Aust-Agder

0 cm

0 cm

0 cm

Rogaland

0 cm

0 cm

0 cm

Ekspander/minimer faktaboks

Flere saker fra Innlandet