Målet er å få leiinga i Byggevarevareforretningen til å gjera om vedtaket om å flytta lageret sitt ut av bygda. 35 arbeidsplasser blir borte frå Gausdal, Det er halvparten av arbeidsstokken.
Det er Gausdal Næringsforum som tar initiativ til fakkeltoget, og leiar Tor Helge Grimstad håpar at leiinga i Gausdal Landhandleri snur.
- Vi håper at Gausdølene vil være med og slå ring rundt Gausdal Landhandleri, seier Grimstad.
For lite lager
Det nåverande lageret er for lite, og leiinga i Gausdal Landhandleri vil nå etablere eit lager utanfor kommunen.
Bedrifta er ein av dei største byggvareleverandørane i landet. Kommunen har sagt seg viljug til å spytte inn nær 10 millionar kroner for at landhandleriet skal blir verande i Gausdal, men etter debattar i media den siste tida, har bedriften lagt utbyggjingsplanane på is. Dei ønskjer ikkje å ha ei slik binding til kommunen. Nå går det altså mot utflytting.