Ingen av høgskolane eller universita i landet hadde høgare samla strykprosent enn Høgskolen i Gjøvik etter eksamen i fjor haust.
Høgskolen i Hedmark har langt trivelegare tal å syne til. Men ein total strykprosent på 6,59 prosent er det berre Høgskolen i Bergen som har betre tal.
Rosar lærarane
Av dei 8.053 studentane som tok eksamen ved Høgskolen i Hedmark hausten 2003, var det berre 531 studentar som strauk.
Rektor Yngve Haugstveit rosar lærarane for dei gode resultata.
Hedmark har dei beste resultata, mens på Gjøvik er det flest elevar soms tryk i heile landet. (Illustrasjonsfoto)
Kvar femte elev stryk
Det er tal frå Norsk Samfunnsvitenskapelig datatjeneste som syner at Gjøvik kjem dårlegast ut.
Nesten kvar femte, eller 17,8 prosent av Gjøvik-studentane, strauk til eksamen.
- Vi har mykje realfag og teknologi, og der er det ofte ein høgare strykprosent enn i andre fag, forklarar rektor Jørn Wroldsen.
Rektoren vil ikkje legge altfor mykje vekt på tala, som syner at Høgskolen i Gjøvik har den høgaste totale strykprosenten i Norge.
Uaktuelt å senke krava
Gjøvik-rektor, Wroldsen, meiner det dårlege resultatet hadde vore annleis dersom høgskulen hadde senka krava til studentane.
- Men det er ikkje aktuelt, seier han.
Wroldsen meiner også at manglande interesse for realfag må ta ein del av skulda for den høge strykprosenten.
Lillehammer kjem bra ut
I motsetnad til Høgskolen i Gjøvik er både Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer heilt i landstoppen etter eksamenshausten 2003.
Med ein samla strykprosent på 6,88 prosent ligg Lillehammer som nummer fire på lista over eksamensresultata i fjor haust.