NRK Meny
Normal

Harley-folket inntek Gudbrandsdalen

No kjem dei dundrande; Harley Davidson-folket som samlast i tusental på Vinstra i pinsehelga.

Harley-Davidson
Foto: Torvild Sveen / NRK

Super Rally 2006 er årets store europeiske Harley-Davidson treff frå 1. juni til 5. juni.

Samstundes skal HD-eigarane i Norge feire sitt eige 20 årsjubileum.

- Vi skal samlast i kameratsleg ånd i ein fabelaktiv natur, seier Åsmund Lindal, pressekontakt for stemnet.

Åsmund Lindal, pressekontakt for Super Rally 2006.
Foto: Torvild Sveen / NRK

Fryktar ikkje bråk

På førehand har det vore mykje prat om dei negative innslaga som finst blant Harley-Davidson folket. Men det frykter ikkje Lindal i det heile tatt.

- Vi har laga klare retningsliner for heile arrangementet. Dei som kjem må rette seg etter desse. Klarer dei ikkje det, tek politiet hand om dei, seier Lindal.

Arrangementet er fyrst og fremst ein fest for alle dei som eig ein Harley.

- Vi er lei av stemplet vi har fått. Men vi kranglar ikkje. Vi kjem for å ha det moro og treffe andre HD-eigarar, seier Lindal.

Super Rally 2006, Harley-Davidson treff på Vinstra.
Foto: Rune Støstad / NRK

Stort arrangement

Det er eit stort arrangement. Kor mange som kjem er uvisst, men HD-folket kjem vanlegvis i tusental for å feire sin hobby og sykkel.

Arrangementet på Vinstra kjem 15 år sidan siste gong det var i Noreg, og då var det på Hunderfossen i Lillehammer.

- Til Vinstra kjem altså dei eldste veteranane til dei siste twincam-modellane. Laurdag 3. juni blir det eit show i Vinstra sentrum, fortel arrangørane.

I dag er det rundt 2000 medlemmar av Harley-Davidson Owners Club Norway. Organisasjonen vart stifta i 1986.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang