Hopp til innhold

Har opptil 300 dagar «streak» i Snapchat

LILLEHAMMER (NRK): Ungdommane er opptekne av å sende snappar fram og tilbake kvar dag for å få «streak». Det må dei vaksne ha forståing for, meiner forskar.

Ungdom som snappar

STREAK: Dei har opp til 40 personar dei må sende snap til kvar dag, og har drive på i opp til 300 dagar samanhengande.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Det er veldig kjedeleg å miste streaken, seier Viktoria Kvalheim Larsen (15) og får støtte frå klassekameratane.

Ein «snapstreak» er når ein har sendt Snapchat til kvarandre kvar dag over tid, og desse 9.-klassingane på Lillehammer har samla opp lenge.

– Alle andre gjer det

Når ein har ein streak med nokon dukkar det opp eit flammeteikn i Snapchat og ein kan sjå talet på kor mange dagar ein har snappa fram og tilbake samanhengande.

Ungdommane har opp til 40 personar dei må sende snappar til kvar dag og det er ingen annan vinning enn å kunne følge med på talet som aukar.

Snapchat

FLAMME: Viktoria Kvalheim Larsen har sendt snap med nokon i 208 dagar. Flammesymbolet tyder at ein er på ein «streak». Timeglas-symbolet tyder at ein må hugse å sende snap for ikkje å miste streaken.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Eg synest det er kult å ha dagar med folk og alle andre gjer det, seier Filip Ziolko.

Og skulle ein hamne utanfor internettforbinding i eit døgn så er ikkje det nokon hindring. Då hjelper dei kvarandre.

– Då får eg nokon andre til å logge inn på brukaren min og sende snap til dei eg har streak med, seier Ådne Ulset.

Snapstreak

VIKTIG: Viktoria Kvalheim Larsen og Hedda Sætre Granaasen må sørge for å sende nokre snappar om dagen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Forstå at det er viktig

Førsteamanuensis, Anne Mette Bjørgen på avd. for pedagogikk og sosialfag ved Høgskulen i Innlandet meiner vi bør prøve å forstå at sosiale medium er viktig for ungdommane, men at det også må finst køyrereglar.

Anne Mette Bjørge

FORSTÅELEG: Anne Mette Bjørge meiner det er forståeleg at ungdommen er opptekne av teknologi og sosiale medium i samfunnet i dag.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Det betyr mykje for dei å pleie vennskap og liknande. Og for å vise fram kven dei er og kva dei er interesserte i, seier Bjørgen.

POY tamagotchi

POPULÆR: På 90-talet var det Tamagotchi som måtte ha merksemda kvar dag, som Snapchat i dag.

Foto: SUSUMU TAKAHASHI / REUTERS

Ho trur ikkje ungdommane tek skade av å vere avhengige av å sende Snapchat kvar dag og poengterer at alle er forskjellige. Det er ikkje nødvendigvis slik at det betyr så mykje for alle, meiner ho.

– Som så mykje anna kan det gå over også. Vi hugsar vel alle Tamagotchien på 90-talet som vi måtte vatne over sommarferien så den ikkje skulle døy, seier ho.

Flere saker fra Innlandet