Hopp til innhold

Har brukt 330 millionar på OL-søknader

Dei siste åra har Noreg brukt fleire hundre millionar kroner på OL-søknader som det ikkje har blitt noko av. Men OL-draumen lever vidare.

Åpningsseremoni OL på Lillehammer 1994

«THE BEST GAMES EVER»: 12. februar 1994 starta OL på Lillehammer, som sidan vart hylla som dei beste olympiske vinterleikane gjennom tidene. Bilete er frå opningsseremonien i Lysgårdsbakkene.

Foto: NRK/EBU

I kveld skal den olympiske elden tennast på nytt i Lillehammer for å markere at det i dag er 25 år sidan dei 17. olympiske vinterleikane starta.

Framleis brusar mange lillehamringar av stoltheit over minnet om dei gnistrande februardagane i 1994 som den dåverande IOC-presidenten oppsumerte med dei berømte orda «The best Olympic Winter Games ever».

Sidan den gongen er det brukt fleire hundre millionar kroner på å få OL tilbake til Noreg, førebels utan hell. Nyleg sendte idrettskretsane i Hordaland, Trøndelag, Oppland og Telemark ein søknad til Idrettstinget om å få greie ut moglegheita for å arrangere OL i 2030.

Kostbare OL-draumar

Alt dagen etter at OL-elden slokna i Lillehammer i 1994, meinte dåverande ordførar Audun Tron at byen måtte prøve å gjenta suksessen.

Faksimile, GLT 01.03.1994

INGEN DAGEN DERPÅ: Audun Tron, som var ordførar i Lillehammer i 1994, tenkte framover på eit nytt OL alt dagen etter avslutningsseremonien.

Foto: Faksimile, GLT 01.03.1994

Sidan har mange snakka høgt om eit nytt OL på Lillehammer. I 2006 søkte innlandsbyen om OL saman med finske Lahti. Seinare har dei vore i diskusjonen fleire gonger.

Ei rekkje andre norske byar har lansert seg sjølve som kandidatar til å arrangere OL i 2014, 2018 og 2022.

Dette har kosta norske skattebetalarar dyrt:

  • Tromsø prøvde å få OL både i 2014 og 2018 til ein samla kostnad på 55 millionar kroner.
  • Trondheim brukte 11,5 millionar kroner på det same.
  • Også Oslo ville bli OL-by i 2018. Det kosta byen 15 millionar kroner.

Summen for å prøve å få OL til Noreg i 2014 og 2018 vart på 96 millionar norske kroner inkludert idrettsforbundets kostnader, viser ei utrekning Norges Idrettsforbund (NIF) har gjort. Men det slutta ikkje der:

  • Oslo vart lansert på ny som norsk kandidat til OL i 2022. Då kommunen trekte kandidaturet i 2014, hadde dei brukt 207 millionar kroner på å utvikle søknaden. NIF hadde brukt 28 millionar kroner.

NRKs oversikt viser altså at det er brukt 330 millionar kroner på å søkje om OL i 2014, 2018 og 2022.

Nye rundar

Fleire norske regionar har lansert sine planar om OL i 2030, både Telemark, Lillehammer, i Bergen og Trøndelag.

Nordmenn på tribunen i Salt Lake City

FOLKELIV: For nokon er eit OL på heimebane ein draum. Her norsk heiagjeng under OL i Salt Lake City.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Idrettstinget skal i mai ta stilling til forslaget frå fire idrettskretsar om å sette i gang utgreiing av om det skal sendast ein ny norsk OL-søknad. Dei skal ikkje ta stilling til kor – no i fyrste omgång.

330 millionar kroner er mykje pengar, meiner Tore Stubrud, som er leiar i ei av dei fire, nemleg Oppland idrettskrets.

– Ja, det tykkjer eg. Det er nettopp difor vi vil begynne i riktig ende. Vi vil kartlegge interessa og mogelegheitene fyrst og ikkje bruke mykje ressursar på noko som ikkje blir noko av.

Gerhard Heiberg

OL-NESTOR: Gerhard Heiberg meiner vintersportsnasjonen Noreg med jamne mellomrom bør arrangere vinterleikane.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Gerhard Heiberg, som var president for OL i 1994 og seinare IOC-medlem i 23 år, har lenge tatt til orde for at Noreg bør bli arrangør igjen.

Han tykkjer ikkje dei 330 millionane er bortkasta. Og han meiner pengane som er brukt ikkje er noko argument for å leggje OL-ballen død.

– Nei, dette skal vi ikkje legge dødt. Vi er rundt om i verda og deltek som gjester, då skulle det berre mangle at vi inviterer verda tilbake til oss, som gode verter.

Regjeringa er lunken

Ei ny meiningsmåling Norstat har gjort for NRK, syner at 34 prosent av den norske befolkninga støttar eit nytt vinter-OL. 32 prosent er imot.

Interessa i regjeringa er lunken, etter fleire mislykka søknadsrundar.

Erna i Lillehammer

SKEPTISK: Statsminister Erna Solberg er ikkje imponert over den folkelege oppslutninga om OL-ideen.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

– Eg meiner at betydeleg fleire enn femti prosent må ønske å bruke pengar på OL for at vi skal gå god for det, seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK.

Også kulturministeren, som skal behandle ein eventuell framtidig søknad om statsgaranti, er avventande.

– Ein del av debatten knytt til pengebruk og miljø, har gjort at folk har vorte meir skeptiske. Det er eit stort arrangement og ei stor utgift, så det er ikkje rart at det blir debatt.

– Kva skal til for at du støttar ein statsgaranti til eit nytt vinter-OL?

– Om idretten heiar samla på ein søknad som også har støtte i folket, då har vi kome eit godt stykkje nærare, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Flere saker fra Innlandet