Hopp til innhold

Han blir historisk under Birken

Kay Pedersen frå Brandbu blir den første i historia som gjennomfører både halvbirken, fredagsbirken og Birkebeinerrennet på eit og same år. Og det heile starta med eit veddemål.

Kay Pedersen blir historisk

VEDDEMÅL: Venner og familie utfordra Kay Pedersen, og no går han som første person nokon gong tre renn i løpet av Birken.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Fleire deltek på Fredagsbirken og Birkebeinerrennet, men aldri før har nokon gått Halvbirken i tillegg, som blir arrangert helga før sjølve rennet.

– Det var nokon som fekk i gang konkurranseinstinktet i meg. Eg hadde planer om å gå mykje på ski i vinter og tenkte at eg kunne prøve, seier Kay Pedersen.

Konkurrerer mot seg sjølv

Pedersen har delteke fleire gonger på dei ulike arrangementa under Birken tidlegare, men i år bestemte han seg for å gå alle tre renna. Men han har ikkje tenkt så mykje over at han ville bli den første som gjer nettopp det.

– Det er litt stilig då, men det var ikkje det som var fokuset mitt. Fokuset er heile tida å konkurrere mot meg sjølv, seier han.

Sjølv om rennet på fredag var tøft for Pedersen med mykje vind og syre i beina er det ingen tvil om at skal gjennomføre rennet på laurdag også.

– Ekte birkebeinar

Informasjonsansvarleg Randi Bolstad i Birkebeinerrennet er imponert over mannen frå Brandbu og no håpar ho han vil inspirere andre til å sette seg fleire birkenarrangement som treningsmål. Ho har stor tru på at han vil klare å gjennomføre og dermed bli historisk.

Randi Bolstad

PRESTASJON: Randi Bolstad kallar det ein stor prestasjon å gå alle tre renna under Birken.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Denne kombinasjonen har vi ikkje sett før. Det er ein stor prestasjon som det står respekt av. Han er ein ekte birkebeinar, seier ho.

Flere saker fra Innlandet