Før var røyr lagervare, som vart levert i løpet av eit par-tre dagar. Men sidan prisstigninga på stål tok til i februar, er marknaden blitt så turbulent, at røyrleggjarforretningane sikrar seg for framtida.
- Hamstrar
Den største røyr-grossisten i landet, Brødrene Dal, merkar det godt.
- Vi merker jo i desse dagar at etterspørselen og salet er mykje større no enn det til dømes var i fjor. Det ser vi og av rekneskapen. Vi ligg langt framom salstala frå i fjor, seier produktsjef Jan Kristiansen på Hamar.
Han seier det tyder på at kundene vil hamstre for å vere sikre på at dei får nok stål til sine prosjekt.
Denne hamstringa og stålprisar som har gått til himmels, er konsekvensar av at kinesarane sopar verdsmarknaden for stål.
Nok til i juli
Når det er lite stål ute i Europa, blir det mindre også på oss her til lands.
Brødrene Dal har fortsatt røyr på lager, men det er uvisst kor lenge.
- Vi har nok på lager fram til juli. Men etter sumarferien kan vi få eit problem, fordi dei vanlege leveringstidene no går frå åtte til 12 veker snakkar om ei leveringstid på åtte til 12 månader, seier Kristiansen.
Dyrare
Usikker levering både innan- og utanlands er ein ting, prisauken ein annan.
Fleire typar røyr har auka med 15 til 20 prosent i pris. Og det vil i neste omgang gå ut over oss forbrukarar, seier Steinar Siljehaug i Bravida.
- Det er klart at når vi får ei prisstigning på over 20 prosent, er det forbrukarane som må betale dette fordi vi må ha hatt dei prisane grossistane skal ha, seier Siljehaug.
Situasjonen i bransjen har ikke fått konsekvenser for arbeidsplassene i bedriftene.