Hopp til innhold

HamKam eit steg nærmare eliteserien

HamKam avgjorde kampen borte mot Randaberg den fyrste halvtimen, og ligg dermed framleis på andre plass i 1. divisjon. Til slutt vann hamarsingane 3-1.

Emil Dahle, HamKam

Emil Dahle og HamKam er eit steg nærmare Eliteserien etter at dei enkelt slo Randaberg 3-1.

Foto: Morten Wiik Larsen / NRK

HamKam tok tak i kampen frå start, og køyrde over det allereie nedrykksklare heimelaget på Randaberg stadion.

Allereie etter 14 minutt skåra Pål Kirkevold, og angrepskollegaene Tore Andreas Gundersen og Thomas Lehne Olsen følgde opp med kvar sitt mål det neste kvarteret.

Andre omgang bar preg av at kampen allereie var avgjort, der HamKam kontrollerte kampen, utan å kome til altfor mange sjansar. I staden var det Randaberg som reduserte ti minutt før slutt på eit kjempeskot frå Johan Karlefjärd.

Dagens resultat betyr at HamKam framleis ligg på andre plass på tabellen, men Ranheim, Sandefjord, Bodø/Glimt og Hønefoss er berre nokre poeng bak.

Seier og tap

Dei andre Hedmarkslaga i 1. divisjon, Kongsvinger og Nybergsund har ikkje så mykje meir å spele for denne sesongen. Kongsvinger ligg i "ingenmannsland" midt på tabellen, medan Nybergsund allereie er klare for nedrykk.

Og Sundet synte kvifor dei ligg der dei ligg på tabellen, da dei tapte heile 0-5 heime mot opprykkskandidat Hønefoss sundag ettermiddag.

Kongsvinger plukka derimot med seg tre poeng frå søre Sunnmøre, etter å ha kjempa seg til 2-0-seier borte mot Hødd. Adem Güven og Lars Christian Krogh Gerson skåra måla for Kongsvinger.